Grå konge
Eika, rik på historie og eit av dei sterkaste treslaga vi har, er ein ressurs som er i ferd med å gå tapt.
Mollestadeika, her fotografert i april 2021, veks i Birkenes kommune i Agder og er fleire hundre år gamal. Fordi ho er hol, er ho ein viktig biotop for fleire sjeldne insekt.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen / Wikimedia Commons
Det er snart eitt år sidan det største eiketreet i heimbygda mi – «den grå kongen av Hjørundfjorden» – vart felt. Det lokale nettselskapet var bekymra for den nærliggjande 22kV-høgspentlinja, og bestemte seg for å løyse problemet med motorsag.
Det ristar godt når ei over 25 meter høg eik på ti tonn treffer bakken. Sorga er djup, sjølv om eg set pris på at det er straum i stikkontakten.
Det er ikkje berre på Sunnmøre det veks eiketre med rik historie. I Hardanger står «Brureika», som med ti meter i omkrins er det største treet i landet. Eg får ikkje tak i grunneigaren på telefonen, men jungeltelegrafen skal ha det til at treet framleis står støtt. Innbyggjarane har nemleg sørgt for å gje det geriatriske treet protesar å støtte seg på.
Uavhengig av kva som er landemerket ditt, bør du vite om det er ei sommar- eller vintereik. Studer fasongen, og sjå på stammen. Dersom han går til toppen av treet, er det truleg ei vintereik. Er du usikker, kan du sjå på lauvverket. Vintereika (Quercus robur) har lang bladstilk, sommareika (Quercus petraea) svært kort. Vintereika har fått namnet sitt fordi blada kan hengje på gjennom hausten, heilt til nye skot kjem om våren. Ho likar, trass namnet, ikkje kulde. Der er sommareika meir hardfør, noko som gjer at ho veks i større delar av landet.
På Edøy i Møre og Romsdal veks den nordlegaste førekomsten av eik, som tilhøyrer bøkefamilien, i verda. Likevel er treet særleg utprega i eit belte som går på kysten av Sørlandet. Den vakraste eikeskogen i landet står på Skiftenes naturreservat utanfor Grimstad. Denne edellauvskogen er heim for ei rekkje raudlista artar og er 710 dekar stor. Frå slike skogar har det frå gamalt av vorte hogd verdifull trelast.
Trass alt er eikematerial noko av det beste ein kan nytte til konstruksjonar som krev styrke. Det kjem fram i det latinske namnet, robur, som tyder «sterk ved». Framfor alt er kjerneveden den mest haldbare av alle norske treslag og særleg god til bruk utandørs eller i kontakt med jord. Dersom du kjøper hagemøbel av eik, er det derfor eit livslangt kjærleiksforhold du forpliktar deg til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.