Dyr
Gransongaren slår knockout på kunstig intelligens
Den beskjedne låten hans, som mange synest å ikkje høyre, er eit vårteikn i seg sjølv.
Det er ofte vanskeleg å få auge på den vesle gransongaren, men han syng av og til godt synleg, oppe i tre han brukar som songpostar. Ei hoe som hekkar, byggjer eit kuleforma reir med sideinngang der greiner og lauvverk er tette, ofte nær bakkenivået.
Foto: Sveinung Lindaas
April har kome. Du er ute og går, og plutseleg tek nokon til å telje myntar over hovudet på deg: tsjip-tsjap-tsjip-tsjap-tsjap – gransongaren. På engelsk, tysk og ei rekkje språk hermar namnet etter songen: chiffchaff, Zilpzalp.
Den beskjedne låten hans, som mange synest å ikkje høyre, er eit vårteikn i seg sjølv: Han innvarslar den store sommarrusen, den som byggjer seg opp medan dei lyse dagane vert endelause og stadig fleire fuglar er på veg... I tillegg greier den vesle skapningen på 8 gram å forvirre både menneskeleg og kunstig intelligens med songen sin.
Gransongaren hekkar dei fleste stadar i Noreg. Kanskje syng nokre der du bur, og då er dei komne for å bli – song vert mellom anna brukt for å hevde revir gjennom hekkesesongen. Får du øyre for han, kan det gå to vegar. Anten vert du dyssa i svevn, eller så får du tvert om ikkje sove om nettene, for du byrjar å undrast: Korleis går det an å byggje eit språk på så få lydar?
Svevnløysa nådde nye høgder etter at eg for nokre år sidan hadde fått tak i Habiter en oiseau («Å bu som ein fugl»), den då nyaste utgjevinga av den belgiske vitskapsantropologen Vinciane Despret. Boka er eit meisterstykke, men det var i etterordet at nett gransongaren slo til med full kraft.
Der fortalde filosofen Baptiste Morizot korleis han sat ute ein sommardag og las i ein roman. Plutseleg kima songen til gransongaren over han, og openberringa kom: «Dei tre notane i songen [hans] er bokstaveleg talt stappfulle av hundrevis av ornitologiske resonnement, av usemjer, av dristige hypotesar. Tre absurd enkle notar, og like fullt har ikkje bragder utførte av menneskeleg intelligens makta […] å seie det siste ordet om dei.»
Tre notar? Eg hadde nok, som ornitologar flest, tenkt at det var to i songen til den alminnelege chiffchaff-en. Men no byrja eg å høyre ein tredje: Var det ikkje også eit «tsjup» til stades? Det fyrste spørsmålet eg stilte ChatGPT, vart då (på engelsk): «Kor mange notar finst det i songen til gransongaren?» Den kunstige intelligensen svara: «Songen til gransongaren består typisk av to gjentekne notar, som produserer ein distinkt ‘chiffchaff’-lyd.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.