Reportasje

Graving i fortida

Rydd framsida: Islands historie må skrivast på ny!

I botnen av Stödvarfjörður meiner arkeologen Bjarni F. Einarsson å ha funne spor etter bygningar som blei sette opp lenge før Ingólfur Arnarson kom til Island i 874. Slikt kan rokke ved vedtekne sanningar.
I botnen av Stödvarfjörður meiner arkeologen Bjarni F. Einarsson å ha funne spor etter bygningar som blei sette opp lenge før Ingólfur Arnarson kom til Island i 874. Slikt kan rokke ved vedtekne sanningar.
Publisert

Eg har sove som ein tusenårsvulkan, verkeleg medvitslaus, men fem minuttar på sju islandsk tid, fem på ni der heime, rautar alarmen og riv meg ut av svevnen og inn i den islandske kvardagen. Kva dag det er? Det må vel vere måndag? Nei, tysdag! Og kor er eg? I ei vestvend seng på Hafnarnes Guesthouse i hamnebyen Höfn, som eg i går lærte skal uttalast om lag som høppn.

Eg dreg ut øyreproppane og høyrer straks ternekvin, måseskrik og denne vibrerande lyden frå ein fugl eg enno ikkje veit kva er. I går kveld såg eg mange av dei, duestore, men magre, med lange bein og sugerøyrnebb, og som i flukt lagar ein underleg mekanisk dronelyd. Eg spurde Bjartur kva fugl det var, han sa namnet, men no har eg gløymt det. Krossa-eit-eller-anna.

Når eg trekker frå gardinene, skimtar eg den solglitrande sjøen gjennom saltskitne glas. Elles lynggrøne bakkar, blå fjell, kvite brear og ein rusta, gul traktorgravar.

I går kveld blei eg ståande ei stund nede hos Bjartur og kona, som eig Hafnarnes Guesthouse her ute på odden mot storhavet. Dei hadde nokre forslag til kva eg måtte få med meg på ferda vidare, og det var særskilt to ting eg noterte på telefonen. Det vil seie – Bjartur tok seg av skrivinga, for desse islandske stadnamna er vanskelege å stave. Eg leitar fram telefonen: «Bakkagerdi», står det, og det er namnet på ei grend i Borgarfjörður, fortalde dei, og ein plass eg måtte reise til om eg var oppsett på å sjå lundefuglar. Der kjem ein så nær at ein kan ta på dei.

– Jaha, sa eg, og eg høyrde sjølv at eg lét vel skeptisk.

Det næraste eg kom lundar i går, var hundre pluss meter, men Bjartur verka svært overtydande, der han låttmild reiste seg frå kjøkenstolen, bøygde knea og lest som han klappa fuglar til både høgre og venstre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement