Greske byggjeklossar
Eg dreg til Kreta og lærer om skilnaden på tyske og britiske turistar.
Å studera korleis andre turistar ter seg, var kanskje ikkje planen då eg sat og skrolla på pakkereiser til Syden veka før haustferien.
I år som i fjor byrja eg å drøyma om å sløva på ei strand, med det same fellesferien var over og eg vart FAU-leiar på skulen. Same dag me kledde av og demonterte trampolinen i hagen, bestilte eg sju dagar i den konstruerte greske landsbyen og all inclusive-resorten Grecotel Marine Palace & Aqua Park.
Ein kveld i oktober sjekkar me inn.
Marine Palace & Aqua Park. Smak litt på namnet. Høyrest det ikkje litt ut som eit flott oppdrettsanlegg? Og bussen som køyrde oss frå flyplassen til hotellet, minte han ikkje litt om ein brønnbåt som leverer levande laks til anlegget?
I staden for å få nøkkelkort til rommet med det same, vert me viste til ei sitjegruppe i foajeen, mellom søyler, rundbogar og palmetre. Snart kjem ein pikkolo og serverer oss kvar vår fuktige vaskeklut, og ein bartender med kvart vårt glas vatn dandert med ei sitronskive og eit mynteblad.
Pikkoloen kjem snart att og ber om passa våre, og eg får ein iPad der eg fyller inn namn og fødselsdato, og kryssar av for å verta Privilege Club Member i kjeda Grecotel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.