Grønsaklager utan straum

Før elektrisiteten kom, var jordkjellaren kjøleskap og grønsaklager.

Jordkjellarane har ofte kuppelform og er relativt like i storleik. Tømmer var dyrt og vanskeleg tilgjengeleg mange stader, men stein var ein uavgrensa ressurs, skriv Arild Sætre.
Jordkjellarane har ofte kuppelform og er relativt like i storleik. Tømmer var dyrt og vanskeleg tilgjengeleg mange stader, men stein var ein uavgrensa ressurs, skriv Arild Sætre.
Publisert

Den småskala grønsak- og potetdyrkinga som for nokre tiår sidan føregjekk på alle småbruk og hageflekkar, er i dag stort sett borte. I dag har dei fleste av oss grønsaklageret i plastboksen nedst i kjøleskapet.

Før nytta mange jordkjellar, eller potetkjellar, ein frittliggande kuppelforma steinkonstruksjon dekt med torv. Mange vil vite at desse jordkjellarane har vore nytta til frostfri lagring av grønsaker og poteter heilt opp til vår tid. Du kan sjå desse igloforma, graskledde bygningane anten frittliggande eller dels gravne inn i bakken, ikkje ulikt husa til hobbitane frå Ringenes herre-filmane.

Felles for dei fleste jordkjellarane er at dei har doble dører, ei ytterdør og ei innerdør, for ekstra isolasjon i dei kaldaste periodane. I taket er det alltid ein luftekanal, eller ljore, slik at ein kan regulere luftfukt og temperatur gjennom dei ulike årstidene. Dette vart gjort ved at ein la over ei steinhelle for tetting eller la denne til sides for lufting.

Gode lagringsforhold

Jordkjellaren står rett på bakken utan isolasjon eller plate mot jorda, men gjerne med heller til golv. Med stein som berande konstruksjon og med jord og torv som isolasjon og tekking, gjev dette svært gode forhold for lagring av grønsaker. Optimale lagringsforhold for til dømes poteter og gulrøter er ein temperatur mellom 2–7 grader og luftfukt mellom 70 og 90 prosent.

Om du stikk hovudet inn i ein slik kjellar og rettar lommelykta mot taket, vil du truleg legge merke til kvite kokongar og ganske store edderkoppar. Desse kjellaredderkoppane (Meta menardi) blir sagde å vere indikatorar på at kjellaren fungerer som han skal, sidan dei trivst best med høg luftfukt og låg temperatur – akkurat som grønsakene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement