Reportasje
Grønt skogtroll
Barlind (Taxus baccata) er eit eviggrønt tre med mørkegrøne nåler og raude bær. I dag er ho klassifisert som sårbar på raudlista over truga artar. Barlinda står i fare for å verte utrydda dersom utviklinga held fram.
Den viktigaste førekomsten av barlind i Møre og Romsdal står på Barlindneset i Ørsta kommune.
Foto: Knut Hustad
I Noreg veks barlind i hovudsak i kystområde, men ikkje lenger nord enn til Romsdalen. Førekomstane er spreidde, og arten veks stort sett som enkelttre eller i mindre klyngjer. Det fremste eksemplaret i Skandinavia står på Varaldsøy i Hardanger og er ein stor turistattraksjon. Med ei høgd på over 11 meter og ein alder på mange hundre år, minner ho mest om skogtrollet frå måleriet av Theodor Kittelsen.
Barlinda er, trass i namnet, ikkje i slekt med lind (Tilia cordata) – som er eit lauvtre. Barlinda har seig bast, og på lik linje med namnebroren har ho vore nytta til tauverk. Det norske namnet tek dermed større omsyn til nytteverdien enn til utsjånaden. På gamalnorske heiter ho yr, som ligg tett opptil det engelske namnet «yew».
Viltveksande barlind er ikkje lenger eit vanleg syn. Den beste framgangsmåten om du ynskjer å finne ho, er å nytte kartverket til Artsdatabanken og oppsøkje kjende eksemplar. Det er verkeleg verdt innsatsen, for treet etterlèt eit varig inntrykk. Nyare språkforsking opnar for at Yggdrasil, verdstreet i norrøn kosmologi, var ei barlind. I så fall seier det mykje om kjenslene ho vekkjer hjå menneske.
Barlind er det fremste treslaget ein kan nytte til boge. Eit historisk eksempel på dette er slaget ved Crécy, som stod mellom franske og engelske styrkar i hundreårskrigen. Utstyrte med bogar av barlind, med overlegen rekkjevidd, fekk britiske soldatar den franske hæren til å slå retrett. For med betre våpen enn motstandaren kunne engelskmennene på trygg avstand skyte dei kvesste pilene sine mot fienden. Same kor mykje det smerta dei franske soldatane, kunne dei ikkje late vere å verdsetje handverket.
Barlind veks særs sakte, det er dette som gjer ho bøyeleg og seig. Ikkje minst kan ein utnytte at treet har kjerneved som er hardare enn yteveden. Eit bogeemne vert forma slik at yteveden vender mot skyttaren og kjerneveden mot målet. Yteveden skaper spenning og kjerneveden kompresjon. Denne kunnskapen er eldgamal, noko som vart stadfesta då Ötzi, ein over 5000 år gamal mumie av eit steinaldermennesket, vart funnen saman med ein boge av barlind.
Bogemeistrane måtte betale ein høg pris for suksessen og døydde tidleg. Barlind er nemleg giftig, med unntak av fruktkjøtet i bæra. Cæsar skriv i ein passasje at den galliske leiaren Cativolcus forgifta seg sjølv med barlind, framfor å overgje seg til romarane. Likevel er forgifting noko ein helst ser i samband med at husdyr får i seg barnåler gjennom grovfôret. Dette har gjeve treet tilnamnet «hestespreng».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.