Gulltanna til Lumumba
Han vart drepen i 1961 av kongolesiske separatistgrupper støtta av Belgia og meir indirekte av CIA. Drapsmennene løyste opp liket i syre, og berre ei halv gulltann var att.
Dette er eit av dei siste kjende fotografia av Lumumba, bakbunden av mytteristane til oberst Joseph Mobutu på planet til ein militær lastebil ved flyplassen i Leopoldville (Kinshasa) 2. desember 1960, dagen etter at han blei arrestert.
Foto: Horst Faas / AP / NTB
For Patrice Lumumba skulle ikkje få ei grav som kunne verte eit minnesmerke for dei som hadde kjempa med han for eit uavhengig, samla og sosialistisk Kongo. Same logikk gjorde at amerikanarane «gravla» Osama bin Laden til havs etter at spesialstyrkane til marinen skaut han i heimen hans Pakistan. Ingen skulle kunne valfarte til grava hans.
Slik vil dominerande makter alltid bokstaveleg tala prøve å endre historia. Dei synleggjer nokre liv og forteljingar ved å reise monument – som over den belgiske kong Leopold II høgt til hest. Og slettar andre forteljingar ved ikkje å bygge tilsvarande monument over dei som kjempa, men tapte, og ved å fjerne materielle minne om dei som er, eller har blitt, makteslause.
Derfor er historieforståing som syner eit mangfald av forteljingar – og spesielt dei som har vore fortagde – så viktig. Som historikaren William Davies nyleg skreiv i London Review of Books, er historie i ferd med å erstatte sosiologi som kjelde til å forstå systemiske skilnader, utnytting, makt og maktesløyse i samtida.
Sjølv økonomar grip til historie for å kaste lys over dagens skilnader. Thomas Piketty samla som kjent inn data frå det 17. hundreåret og framover for å finne røtene til skeiv fordeling i samfunnet mellom dei som eig, arvar og forvaltar kapital, og dei som lever av lønsinntekter. Boka vart ein bestseljar.
På same vis riv dagens aktivistar ned statuar av koloniherrar for å vekke tankar om at imperialisme og kolonialisme «berre» er historiske uttrykk for ekstremt ulike relasjonar sette i system. Slike relasjonar fødde nye former for systemiske skilnader og utnytting. Nokre av dei avspeglar dei gamle. I andre skimtar vi berre kjernen av systemiske skilnader og alt det fører med seg.
Gulltanna
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.