Guten frå Bergen-Belsen

I mars i år opna Nederlands nasjonale holocaustmuseum i Amsterdam, byen som i 1940 hadde 80.000 jødiske innbyggjarar.

Den sju år gamle guten i Bergen-Belsen. Biletet er avfotografert i utstillinga, men dette er eit utsnitt som ikkje viser dei døde. Fotografiet vart først publisert i Time Magazine.

Historie

Publisert Sist oppdatert

I 1940 var det om lag 140.000 jødar i Nederland. Som Anne Frank var over 20.000 av dei flyktningar, hovudsakleg frå Tyskland, og 10. mai dette året blei dei igjen innhenta av det dei hadde flykta frå. Mindre enn 30 prosent av jødane i Nederland overlevde krigen. Slik sett kunne ein kanskje ha venta at eit museum over holocaust i Amsterdam hadde blitt etablert tidlegare enn til dømes Sveriges museum om Förintelsen, som opna første utstilling i mellombelse lokale i Stockholm sommaren 2023.

I alle landa Nazi-Tyskland okkuperte, utfalda drapspolitikken mot dei jødiske innbyggjarane seg ulikt. I Aust-Europa gjekk massakrane føre seg meir eller mindre openlyst som ein del av utryddingskrigen etter åtaket på Sovjetunionen sommaren 1941. Det motsette ytterpunktet i Vest-Europa var Danmark, der varsla om komande arrestasjonar vart gjevne av lokale tyske nazistyresmakter, som av fleire grunnar ikkje såg seg tente med arrestasjon og deportasjon av den jødiske befolkninga hausten 1943. Hadde dei vilja noko anna, ville utfallet ha vorte svært annleis, utan at dei mange sivile som hjelpte til under flukta til danske jødar, skal underkjennast av den grunn.

Likskapar og ulikskapar

Det er fleire likskapar mellom okkupasjonen i Noreg og okkupasjonen i Nederland. Den lovleg valde regjeringa og kongehuset i kvart land var i eksil, og begge landa fekk frå første månad etter okkupasjonen ein Reichskommissar som vart sitjande som øvste sivile leiar for okkupasjonsmakta heilt fram til frigjeringa. Desse to likna kvarandre av utsjånad òg, med sine karakteristiske briller.

Reichskommissar Josef Terboven sprengde seg sjølv med fem kilo dynamitt på Skaugum 8. mai, medan Reichskommissar Arthur Seyss-Inquart lét seg ta til fange og blei avretta i 1946. I Nederland fekk det lokale nazipartiet NSB aldri den same politiske rolla som NS fekk i Noreg, men i begge landa opplevde partiet ein stor auke i medlemstala.

I Nederland utgjorde jødane 1,6 prosent av ei befolkning på 9 millionar, i Noreg 0,07 prosent av ei befolkning som nådde 3 millionar i løpet av krigen. Tiltaka mot jødane frå okkupantane vart difor meir synlege for folk flest i Nederland. Gjennom innføring av stadig nye lover sytte okkupantane for gradvis å isolere den jødiske befolkninga frå resten av samfunnet i større grad enn i Noreg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement