Guten frå Selbu
Lærelyst, humør, energi og ei djup kjensle av samfunnsansvar er nokre andre sider ved den akademiske globetrottaren Gudmund Hernes.
Gudmund Hernes på hagefest hjå Aschehoug i 2013.
Foto: Berit Roald / NTB
Maktutgreiar, Vivaldi-kjennar, danningsagent og professor i matematisk sosiologi, offentleg intellektuell med humanistiske og kulturkonservative førebilete og institusjonsbyggar: 25. mars fylte Gudmund Hernes 80 år. Det er heilt naturstridig.
Hadde det ikkje vore for pandemien, ville land og folk ha markert denne åremålsdagen med paukar og cymbalar (ispedd nokre ufine tilrop, sjølvsagt). Gudmund Hernes er i øvste klasse som livsglad nysgjerrigper. Skamlaust er han ein grenseoverskridande sosialdemokrat.
Men få er på same tid blitt til del slik hyllest og slik nedrakking. Eg sat på Holbergstuen i Bergen ein gong i 90-åra og høyrde slagorda smelle i asfalten: «Hernes må fjernes!» «Hernes må fjernes!»
Utdanningsstatsråden hadde lagt seg ut med lærarane. Det gjer ingen ustraffa. Mange vil også skulde han for å ha teoretisert skulen for mykje. Det vil nok jubilanten protestere mot. Ein debatt om dette går den dag i dag.
Energibunt og polemikar
Men jubilanten kom seg fort. Han kunne til dømes sjølv ha synt oss i dag at i hans tilfelle er alderdomens tyngelover oppheva. Gudmund Hernes dansar framleis som ein midtvestleg tornado, og han eksellerer som skribent med retorikkens klassiske lover alltid føre seg, med bokstavrim og briljante paradoks.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.