«Einkvan må ha loge om Josef K., for utan at han hadde gjort noko gale, vart han ein morgon arrestert…».
Slik startar ei av hundreårets mest iskalde livsskildringar, Franz Kafkas Prosessen (ikkje fullført av han sjølv, utgjeven av venen Max Brod i 1925). Det som følgjer, er eit blikk inn i det grenselause tomme rommet – «själens obotliga ensamhet», som Hjalmar Söderberg uttrykte det.
Kafka kjem oss i møte med sitt smale, intense andletsuttrykk, nærast lidande, og med ein mur mot innsyn. På portretta smiler han aldri.
Resonansbotn
Ettertida har lese heile det 20. hundreårets angst, framandgjering og frykt for det rettslause regimet inn i denne romanen, ja i mesteparten av det Kafka skreiv. Ettertida har også meir konkret sett at Kafka føregrip det totalitære diktaturet i Stalins og Hitlers utgåve.
I tillegg legg Kafka til ein direkte eksistensialistisk dimensjon: Einskildmenneskets forsvarslause einsemd og det vesle menneskets frykt for den personlege meiningsløysa i det ugjennomtrengjelege industrisamfunnet, styrt av upersonlege krefter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.