Sjakk
Han som ser heile brettet
Carlsen er framleis den spelaren alt sirklar rundt i sjakkverda. I Zagreb er han i delt leiing etter strålande spel den fyrste veka.
Magnus Carlsen konsentrerer seg om sjakken i Zagreb.
Foto: Lennart Ootes
Nesten ingen ute i sjakkverda bryr seg om spelemonopolet til Norsk Tipping. «Ta dei 50 millionane frå gamblarane og spring for livet», ville nok russarane og amerikanarane ha sagt. Men nyhendet om at Stavanger, etter press frå Carlsen-leiren, er uaktuell som arrangørby for VM-kampen i 2020, vekte den svevntunge internasjonale sjakkverda. Alle spekulerer, men ingen skjønar heilt kva som har skjedd.
Kor som er, i norsk sjakk går vi alle rundt og bit negler for tida. Vi lever våre sjakkliv på sosiale medium der kommentarane haglar heile døgeret. Simen Agdestein og andre stormeistrar ringer meg og fortel at dei ikkje får sova, dei maktar ikkje lenger rekna sjakkvariantar, dei mister morsmålet dei har fått frå sjakkgudinna Caïssa. Men hovudpersonen sjølv, Magnus Carlsen, han er heilt roleg.
Då rabalderet byrja for nokre veker sidan, spurde eg meg sjølv: «Vil eg følgja partia hans som før?» Svaret no er: «Ja, nesten.» Eg heiar framleis på Magnus, godguten vår. Eg må ovundra hovudet hans, sjakkpsyken hans. Korleis kan han konsentrera seg om sjakken i Zagreb når Sjakk-Noreg står i brann?
«Geometrisk geni»
Sanninga er at Carlsen spelar like godt no, i Kroatia, som han har gjort i heile år. Det fyrste partiet med svart mot Anish Giri, nederlendaren som er rangert som nummer fire i verda, vart ei oppvisning som gjorde den tidlegare verdsmeisteren Garri Kasparov blank i augo.
Giri–Carlsen, runde 1.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.