Kunnskap

Harepest

Harepest er ein vanleg sjukdom hos hare og smågnagarar i Russland, Europa og Nord-Amerika. Også menneske kan bli smitta.
Harepest er ein vanleg sjukdom hos hare og smågnagarar i Russland, Europa og Nord-Amerika. Også menneske kan bli smitta.
Publisert

Hausten er ei fin tid med sauesanking, jakt og bærplukking, men samstundes toppsesong for den gåtefulle sjukdommen harepest. Pesten spreier seg lett blant harar og smågnagarar, men er også rekna som ein zoonose, det vil seie at infeksjonen kan smitte over frå dyr til menneske.

I august blei det i Sør- og Aust-Noreg funne fem harar som var daude av harepest. Mattilsynet oppmodar no folk som ferdast i naturen om å vere aktsame på faren for å bli smitta.

Lemensott

Den første sikre skildringa av harepest kjem faktisk frå Noreg, så tidleg som i 1653, då eit tilfelle med massedaud av lemen vart omtala som leemends soet. Fleire liknande sjukdomsutbrot dukka etter kvart opp både i Europa og i USA, men bakterien vart isolert første gong i 1911 frå daude ekorn i Tulare i California i USA. Mikrobiologen Edward Francis gjorde mykje av pionerarbeidet med å identifisere den nye bakterien, som difor enda opp med namnet Francisella tularensis.

Forskarane fann ut at i laboratoriet var dette ein uvanleg aggressiv og smittsam bakterie. Ved dropesmitte (aerosolar) kan du bli sjuk ved å puste inn berre 25 bakteriar, og det er lett å bli smitta også med berre hudkontakt. Dyrking på laboratorium må difor skje med streng biotryggleik og smittevern for at dei som jobbar på laboratoriet, ikkje skal bli smitta.

Ute i naturen er det heldigvis ikkje like lett å bli smitta. Den varianten av Francisella tularensis vi har i Noreg og resten av Europa, gjev også ganske milde symptom: som sår på huda, smerter i svelg og hals eller hovudverk og lett feber. Sjukdommen er lett å kurere med antibiotika. Kvart år blir ein stad mellom 50 og 200 menneske sjuke med harepest – eller tularemi, som det også blir kalla – her i landet, men truleg blir fleire smitta utan at dei merkar symptom eller tek kontakt med lege.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement