Sport
Harry hobby
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
På ferie i Roma lærte eg at det finst foreldre som ikkje lar ungane gå på fotball. For dei såkalla intellektuelle fedrane var sporten rett og slett for harry.
I Noreg takkar og bukkar me om barnet vil drive med ein eller annan sport. Eller det er nok ikkje heilt sant, det finst også her visse preferansar for kva me aller helst vil at barna våre skal drive med. Å køyre minsten til poledancing sit nok langt inne for dei fleste.
Fotball har forresten ikkje alltid vore like stas i Noreg heller. Det er faktisk ikkje meir enn 30 år sidan det nesten ikkje fanst fotballpubar her til lands. Dersom du skulle sjå ein kamp ute, var det i tilfelle snakk om ein ganske mørkebrun stad, der folk har faste bord. Og når ein snakkar om idrett på pub: dart, shuffleboard og biljard, sportane som ein kan drikke øl til, har jo teke heilt av dei siste åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.