Film

– Hatet gjev meg kraft

Utan hatmeldingar og drapstrugsmål frå nynazistar ville Deeyah Khan truleg ikkje laga filmen I møte med fienden.

Publisert

I dokumentarfilmen I møte med fienden, som ligg på nettsidene til NRK, marsjerer Deeyah Khan saman med høgreekstreme i den amerikanske byen Charlottesville. Ho skil seg ut. Ikkje berre er ho kvinne, ho er òg brun i huda.

– Eg var livredd, og eg visste eg ville vera eit klart byte om ting kom ut av kontroll, seier ho.

Ho vert ikkje skada av nynazistane. Men når Antifa-rørsla bruker tåregass mot dei marsjerande, vert Deeyah òg råka.

– Ytterleggåande grupper radikaliserer kvarandre. Å møta vald med meir vald hjelper ikkje. Ekstremistar er alt paranoide. Vald vil berre styrkja offerolla som eggjar dei.

Truga frå landet

– Eg kunna ha plukka opp eit våpen. I staden plukka eg opp eit filmkamera, sa Deeyah i ei tale i 2016.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement