Kunnskap
Hav i stova
Med eit saltvassakvarium kan du få ein strålande vakker korallhage i di eiga stove.
Foto: Konrad Kvanli
Sjølve ideen om å ha akvarium på land kom først i byrjinga av 1800-talet, men i dag er fisk og akvariedrift ein vanleg hobby over heile verda. Det vert omsett meir enn éin milliard fiskar kvart år, der ni av ti er ferskvassfiskar og resten marine fiskar. Men om akvarium er ei ny oppfinning, er det meir enn tusen år sidan kinesarane (kven elles) byrja å avle på gullfisk til dekorasjon.
I nyare tid har fangst av vill, tropisk fisk til akvarium, både i ferskvatn og på korallreva ute i havet, med rette vore kraftig kritisert for miljøskadelege fangstmetodar (som bruk av blåsyre), for at mange av fiskane døyr før dei når den endelege marknaden på andre sida av havet, og for at intensiv fangst har vore eit trugsmål mot truga fiskeartar. Men dei siste åra har det i mange land blitt betre vern av sårbare artar og miljø, og oppdrett av fisk er blitt lettare fordi det er utvikla betre metodar for klekking og startfôring av marin yngel.
Tidlegare blei det sagt at gullfiskar hadde eit tre sekund langt minne, men dei har vist seg å ha høgt utvikla evne til læring. I tillegg ser og høyrer dei særs godt. Fisken kan sjå ut i rommet utanfor akvariet og kjenne att dei ulike menneska i familien, det er til og med bevist at dei har evne til å skilje mellom musikktypar som blues og klassisk.
Gullfisk er svært sosiale, og i fangenskap kan dei bli over 40 år gamle. Dei treng god plass og mykje vatn og har ikkje noko godt liv i små og miljøfattige akvarium. Fiskar som vert plasserte i ein typisk gullfiskbolle, vil ofte snu buken i vêret av vantrivsel etter kort tid.
Skal du skaffe deg ditt første akvarium, er det uansett eit godt råd å ikkje byrje med dei aller minste. I små volum er det mykje vanskelegare å halde ein stabil vasskvalitet. Best er det å få eit som er passeleg stort, helst 100 til 150 liter. Der kan fire til sju fiskar av litt ulike slag ha god nok plass til å trivast.
Smittsame sjukdommar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.