Reportasje

Heim til Bjartur i sumarhus

Turistar er ikkje på Island for å feriere. Dei er her for å oppleve. Og opplevingane deler dei med verda.

Den svarte stranda i Vík i M¿rdal blei ein gong kåra til verdas sjette vakraste. Det kjem nok mykje av klippeformasjonen Reynisdrangar. Du har kan hende sett han i Netflix-serien Katla?
Den svarte stranda i Vík i M¿rdal blei ein gong kåra til verdas sjette vakraste. Det kjem nok mykje av klippeformasjonen Reynisdrangar. Du har kan hende sett han i Netflix-serien Katla?
Publisert Sist oppdatert

Klokka halv seks vaknar eg av trappeknirk og kviskring. Kva i all verda skal folk så tidleg opp etter? Ein skal ikkje sove bort feriedagane, men halv seks? Kan det kome av at her er dyrt å vere, og at turistane må byrje tidleg om dei skal rekke over alt til tilmålt tid?

Fuglane er alt i gang med kvitring, skrik og spel. Eg har ingenting som røyner på, leitar fram øyreproppar og legg meg til att i underkøya på det vesle nattkjølige rommet på Puffy Guesthouse i grenda Vík i Myrdal heilt sør på Island.

Når alarmen går klokka sju, har eg ingen problem med å rive meg opp or senga. Island ligg to timar etter Noreg, og mi biologiske klokke er framleis i norsk tidssone. For meg er ho no ni, og straks den tanken festar seg, får eg dårleg samvit. Sove til ni? Men nei, tenker eg så, no er eg på Island, og på Island skal ein følgje islandsk tid, og her er klokka sju og det er tidleg nok.

Eg set føtene på det kalde tregolvet, trekker gardinene til sides og ser rett inn i ein grøn brattvegg av dropeglitrande gras, markblomar, lyng og kratt. Det er yr og skodde, og langt der oppe skimtar eg ei stripe grådyster himmel. Ifølgje vêrmeldinga skal det klarne ut over formiddagen.

Det er ingen TV på rommet. Ei køyeseng, ein kjøkenstol, ein spegel, ein låg kommode og ein avslått radiator. That’s it. Rommet er til å sove i, ingenting anna. Toalett er ute i gangen, dusj i kjellaren, og eg må berre venne meg til at dette blir standarden dei neste ti dagane.

Rommet er det billegaste som var å finne i Vík, og kostar meg 1570 kroner. Eit rimelegare alternativ ville vore sovesal, men å ligge i rom med framande, passar korkje min natur eller min alder, og om ikkje gladleg, så har eg altså betalt det dobbelte for einerom. I høgsesongen i juli vil dette enkle rommet koste over 3000 norske kroner. Og om eg denne fyrste natta til dømes hadde valt eit rom med sjøutsikt i Vík Apartment litt lenger borti vegen, måtte eg betalt 8000 norske kroner. Åtte tusen! Godt at eg har teke med telt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement