Sport
«Heimelaga sportsutstyr er utdøyande.»
Barna no til dags treng ikkje spikke slåballkølla si sjølv.
Skjermdump klubben.no
Eg hadde ein gong ein kollega som heldt vandrande visningar av gamle hoppbakkar i Nordmarka. Det var skralt med tilskodarar, og siste gongen kom det berre éin person, som diverre måtte snu på grunn av dårleg fottøy.
På tur i Marka har eg passert fleire gamle skihopp. Dei minste, eg tippar K5, er freistande å prøve ut, men ser likevel altfor skranglete ut til at eg nokon gong vil våge meg opp der.
Sjølv om bakkane kan sjå vinglete og heimelaga ut, er det imponerande å få til slike byggverk. Eg ser byggarane føre meg der, med plankane, for 50 år sidan, mens dei gledde seg til snøen kom.
Heimelaga sportsutstyr er utdøyande. Det å snikre sitt eige fotballmål, til dømes. Ein skal ikkje lenger tilbake enn på 1990-talet, då det ikkje var vanleg å ha to like mål i hagen. Det eine var vindskeivt, det andre utan tverrliggar, og begge var sjølvsagt utan nett.
Det same gjeld slåballkølla. Det var vel ingen som hadde ei symmetrisk kølle. Ein var faktisk tvinga til å treffe på rett stad for at ballen skulle fly til rett stad.
Å få perfekt utstyr rett opp i hendene krev mindre kreativ tankeverksemd. Ber ein dagens barn om å sette opp to mål for litt småspel, risikerer ein dette svaret:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.