Reportasje
– Her varte andre verdskrigen til 1990
VILNIUS: I KGB-museet vert eg kjend med 50 års kommunistisk okkupasjon. Så møter eg litauaren som leidde landet ut av Sovjetsamveldet.
Vytautas Landsbergis, som fyller 90 år i haust, leidde Litauen ut av Sovjetsamveldet i 1990, som den fyrste utbrytarrepublikken.
Foto: Håvard Rem
Når eg ein ledig føremiddagstime sit i ein park i Vilnius og les boka Poesi fra Litauen, kjem eg i prat med ein veninnegjeng frå Sunnmøre som nett har landa til ei langhelg i hovudstaden. Ei av dei spør:
– Kva vil du råda oss til å sjå?
– KGB-museet, svarar eg, med kortforma av det offisielle namnet: Okkupasjons- og fridomskampmuseet.
Sovjetiske KGB hadde hovudkvarteret sitt i bygget under den fyrste (1940–41) og andre (1944–90) sovjetiske okkupasjonen. I kjellaren dreiv russarar og torturerte og skaut litauarar som sette heimlandet føre kommunismen. Under tysk okkupasjon (1941–44) var det hovudkvarter for den tyske tryggingstenesta. Museet held til i ei fløy av eit bygg frå 1899, opphavleg ein rettsbygning, som det er i dag òg.
– Kvar ligg det?
– Rakt ved parlamentet, regjeringskontora og nasjonalbiblioteket, i hovudgata.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.