Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Alt før eg begynte å lese den engelske versjonen av Werner Herzogs memoarar, Every Man for Himself and God Against All, tenkte eg at få menneske kan ha levd eit meir verdsomspennande, dramatisk og interessant liv enn Herzog. Da eg var ferdig, tenkte eg at ingen har gjort det.
I memoaranemøter vi Herzog i det eine augeblikket som rodeocowboy og smuglar av stereoanlegg (og nokre få Colt-pistolar) frå USA til Mexico. Vi finn han djupt i Amazonas, langt inne i Sahara eller i bolivianske saltørkenar, på isbrear i Patagonia, nær toppen av verdas nest høgste fjell, K2, eller i ferd med å krysse Alpane, aleine til fots og nesten utan utstyr, for å gjere eit frieri.
Kanskje er han på Ross-øya i Antarktis, djupt inne i holer dekorerte med 32.000 år gamle måleri, på ein hanemarknad i Xinjiang, framfor brennande oljebrønnar i Irak, blant grizzlybjørnar i Alaska eller i vernedrakt på toppen av ein aktiv vulkan, mens giftige gassar og lava sprutar mot himmelen og heile toppen av vulkanen når som helst kan bli blåst bort. Eller i Vatikanbiblioteket på jakt etter kunnskap om korleis ein skal dra store båtar over fjell med handmakt.
Vi finn han i selskap med partikkelfysikarar, astronautar, verdsleiande fjellklatrarar, stammer av fiendtlege urfolk som knapt har hatt kontakt med omverda, i møte med to sexgalne engelske tvillingar som snakkar hundre prosent simultant, eller på settet til The Simpsons, der han legg voice-over med den verdsberømte stemma og aksenten sin, som han perfeksjonerte under arbeidet med bokstaveleg talt å hypnotisere heile staben av skodespelarar under eit av filmprosjekta sine (Heart of Glass).
Herzog fortel kva som skjedde da han skada seg under krevjande stunt (som han gjorde sjølv fordi dei ikkje hadde stuntmann på settet og alle andre meinte det var altfor farleg), om korleis det er å spele skurk mot Tom Cruise, eller korleis han hamna i Star Wars-serien The Mandalorian (utan å ha sett nokon av Star Wars-filmane). Vi finn han i samtale med folk som Dalai Lama, Mikhail Gorbatsjov, Jack Nicholson, Marlon Brando eller dødsdømde fangar som snart skal avrettast.
Slik fortset det, tilsynelatande hulter til bulter, med usannsynlege anekdotar og hendingar gjennom 350 sider. Ein skulle ikkje tru det var mogleg. Herzogs memoarar er altfor urealistiske til å kunne ha fungert som materiale til ein roman eller spelefilm.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.