Menneske på flukt frå krig må skipa ein ny identitet i eit nytt land. Isak Steinberg lukkast gong på gong i nye heimland med ein ukueleg optimisme, men den konstante flukta gav han arr i sjela. Sjølv til dei næraste tala han ikkje om den dramatiske livshistoria.
I familien til Simen Agdestein (f. 1967), vår fyrste sjakkstormeister, som òg var landslagsspelar i fotball, var Steinberg nesten ein familieløyndom. Vi, dottera til Simen og biografen hans, har grave i fortida og arkiva for å kunna forstå Isak Steinberg og reisa hans.
Simen Agdesteins morfar, Reidar Jørgensen, fekk i 1929 Egebergs ærespris for framifrå sportsresultat i lauping og skiidrett. Så der har vi spira til fotballspelaren Simen. Men kvar kjem sjakktalentet frå? «Frå Latvia», seier Simen lakonisk.
Norske styremakter skjøna aldri kvar Isak Steinberg, Simens ukjende biologiske farfar, eigenleg kom frå. At han var jøde, var det rett nok inga styremakt som nokon gong tvilte på.
Isak Steinberg vart fødd i 1889 i ein landsby i Kurland, sørvest for Riga-bukta i dagens Latvia og det som då var Tsar-Russland. Over halvparten av innbyggjarane i landsbyen var jødar på midten av 1800-talet. Hundre år seinare var talet null.
Familien til Steinberg hadde tysk som morsmål, men dei nytta òg ein dialekt av jiddisk. Steinberg tala dessutan administrasjonsspråket russisk og sannsynlegvis latvisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.