«Historia stogga i 1936»
BARCELONA: For 80 år sidan møtte George Orwell det post-faktuelle samfunnet her. Med eitt fann han seg sjølv i kamp med folk han trudde hadde same mål som han: å slå Franco. Det var her han fekk merke på kroppen kva propaganda er. Her vart kjølen til romanen 1984 strekt.
«Dette er ikkje ein krig, men ein komisk opera med ein død no og då», oppsummerte kommandanten til Orwell, Georges Kopp, borgarkrigen i Spania. Kopp vart sidan myrda av kommunistane.
Det er ikkje Donald Trump som har funne opp dei «alternative fakta» og lygna som eit framhald av politikken. Dette er gamalt stoff i politikken.
Eit av dei klaraste døme på slikt ideologisk vanvit finn vi under den spanske borgarkrigen – i den politiske og dødelege mannjamninga mellom anarkistar, trotskistar og kommunistar under den anarkistiske våren i Catalonia i 1937. Der rådde det totale ideologiske tyranniet – og sanninga vart fyrste offer.
George Orwell stod midt i striden. Kva han såg der, slår oss med ny kraft i dag – i ei tid med ny fanatisme i mange leirar.
SKUGGEN AV STOREBROR
Den systematiske lygna, slik Orwell opplevde henne på nært hald, kom til å prege forfattaren. Det var her han såg skuggen av diktatoren Storebror i form av kommunistisk propaganda og politimetodar – i ein atmosfære av svik, vilkårleg fengsling, utanomrettslege drap og valdseksessar.
Når Orwell sa at «historia stogga i 1936», var det fordi 1936 var siste året før propagandaen totalt kom til å dominere politikken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.