🎧 1. mai frå i går
EYDEHAVN: Det var ei femtiårig stordomstid som gjekk mot slutten for femti år sidan, då 1. mai framleis var større enn 17.
Eydehavn 1. mai 1971. Toget kjem opp Nesgata etter å ha gått gjennom Nesbyen. Torget utanfor høgre biletkant.
Foto: Privat
Eydehavn 1. mai 1971. Toget kjem opp Nesgata etter å ha gått gjennom Nesbyen. Torget utanfor høgre biletkant.
Foto: Privat
Lytt til artikkelen:
havard@rem.no
I dag er frist for innlevering av skattemeldinga, for dei fleste ein enkel operasjon, og skatten er alt trekt prosentvis gjennom året. Men slik har det ikkje alltid vore. For hundre år sidan fekk vanlege arbeidarar utbetalt brutto løn, utan forskotstrekk. Skatten betalte dei i terminar, som næringsdrivande. Omlegginga, som var ein byggjestein i velferdssamfunnet, byrja på Eydehavn der eg voks opp, og minner meg om dagen i morgon, 1. mai.
Fabrikkbygda
Dagen var ein folkefest større enn 17. mai. Torget var svart av folk og raudt av faner, med talar og tog, med hornmusikk og folk i finstas. Det var sett opp buer med sal av pølser og søtsaker, med pilspel og ballspel og leiketøy som premiar.
Me budde rett ved torget på Eydehavn, ein samlingsstad omkrinsa av samvirkelaget og murgardane i Nesbyen, etter det gamle namnet på staden, Nes, garden som no var ein by. Firemannsbustadene liknar dei i Ullevål hageby i Oslo, men her budde det fabrikkarbeidarfamiliar i dei.
Heile industribygda var på beina – sett bort frå dei vaksne i den vesle mellomklassen. Dei demonstrerte, dei òg, ved å stå i hagen og pusse båten når toget passerte.
Det var grunn til å feira. Frå inkje hadde Eydehavn før og etter krigen vorte eit pilotprosjekt for den framtidige velferdsstaten, og frå offisielt hald sentralt i Arbeidarpartiet kalla «eit utstillingsvindauge». Då eg voks opp, tok hovudarkitekten for det heile, Nils Hjelmtveit, framleis del i festen, kring 80 år gamal. Det var han som forma staden, etter at han hadde kome hit inspirert av Sam Eyde, han som skapte staden.
1886
Soga byrjar berre ei mil unna i 1886. Det året opplevde Arendal eit økonomisk krakk etter at den rikaste mannen i byen hadde drive med pyramidespel og underslag. Det som hadde vore Noregs fremste sjøfartsby, med størst bruttotonnasje nord for Hamburg, vart aldri som før. Ein av dei unge reiarsønene i byen, Sam Eyde, vart landkrabbe i Berlin, der han utdanna seg til ingeniør i staden for å gå inn i reiarlaget til far sin i Arendal.
Same år, i Haymarket i Chicago, skaut politiet inn i ei folkemengd som demonstrerte for åttetimarsdag. Til minne om dei falne vart dagen snøgt ein internasjonal demonstrasjonsdag. I Noreg gjekk det fyrste toget i 1890, men truleg var Knut Hamsun mellom dei fyrste nordmennene som markerte 1. mai. Same år som Haymarket-hendinga hadde han kome til Chicago, og han var der framleis då han året etter mintest anarkistane med ei svart sløyfe i jakkeslaget.
Året etter, ja, i 1887, vart Det norske Arbeidarpartiet skipa – i den fallerte sjøfartsbyen Arendal. På Nes ei mil i aust, noverande Eydehavn, var det berre eit par gardsbruk. Mange hadde gjort som Hamsun og reist til USA for å finna arbeid.
Men ei ny tid var i emning. Dei kvite segla vart erstatta av damp frå skip og røyk frå fabrikkpipene. Ingeniør og gründer Sam Eyde vende heim med vasskraftvisjonar. I 1905, sjølve året for nasjonal fridom og sjølvstende, skipa han Norsk Hydro på Notodden og vart den fyrste generaldirektøren.
1913
Kva skulle han gjera med all krafta frå demningane i Arendalsvassdraget? Av mange draumar var éin å forsyna den gamle heimbyen med nytt liv –?industri, smelteverk, noko å eksportera. Men i Arendal fann han inga høveleg djupvasshamn. Den næraste låg på Nes.
Der vart jord ekspropriert og fabrikkar bygde, og 12. juli 1913 knuste kona hans, Elida Eyde, ei champagneflaske mot fjellet og døypte den nye staden med namnet til mannen sin. Så vart han likevel reiar, ikkje for skip, men for nye industristader.
Heime på Seim i Nordhordland sat bondesonen Nils Hjelmtveit 20 år gamal og las ein reportasje i Allers om dåpen. Han var nett utekseminert frå Stord lærarskule og søkte no på ei ledig lærarstilling på Eydehavn, der han vart buande i 72 år, til han døydde i 1985, 93 år gamal.
Sjølv var han son av ein Venstre-mann som sat på Stortinget, men no melde han seg inn i Arbeidarpartiet. Viktige føresetnader for det sosialøkonomiske arkitektarbeidet hans var at Eydehavn og omlandet alt i 1919 vart skilt ut som eigen kommune, i røynda ein éittpartikommune, der Arbeidarpartiet alltid hadde reint fleirtal, i mange tiår 75 prosent av røystene. På dei sju åra frå han kom dit som lærar, til han vart vald inn i kommunestyret i 1920, vart folketalet sjudobla, frå 150 til 1000 innbyggjarar.
Same år som han vart ordførar i fabrikkbygda, i 1922, vart staden forresten omdøypt att, frå Eydehavn til Eydehamn. Etter ei kommuneutviding vart det havn att.
1923
Ein laurdag ettermiddag i 1923 var det folksamt i den tronge trappa opp til lærarbustaden i øvste etasje på Eydehavn skule – der eg var elev kring 1970. Hjelmtveit var no både skulestyrar og ordførar, og rasande fabrikkarbeidarar kom for å protestera mot at løningsposen ikkje var full, at det var trekt skatt forskotsvis. Slikt gjorde dei ikkje andre stader i landet, innvende dei. Og det hadde dei rett i. Men Hjelmtveit hadde finlese skattelova og visste at han hadde rett til å gjera det han gjorde. Han sat i likningsnemnda lokalt, og berre seks år seinare vart han medlem av skattelovkommisjonen på Stortinget, der han fekk innført forskotstrekk i heile landet.
Han blidgjorde arbeidarane med at han i byte mot forskotstrekk sletta gamal restskatt, som svarte til eit heilt års kommunebudsjett. Han balanserte høg skatt med høge frådrag for dei som hadde dårleg råd. Han reduserte overskotet til dei utanlandske fabrikkeigarane, og på verdsmarknaden fylgde han prisutviklinga til produkta som vart produserte. Slik sytte han for store skatteinntekter frå industrien òg.
Han nekta å ta opp kommunale lån, fekk kommunen gjeldfri, og i dei gode åra bygde han opp veksande fond. Då dei harde åra kom, baud han ikkje på arbeidsløysebidrag, men greitt lønt naudsarbeid. Mykje av infrastrukturen me som born naut godt av på Eydehavn kring 1970, kom til som fondsfinansiert naudsarbeid i 1930-åra: torget, vegnettet, idrettsplassen, skibakken, brua over Neskilen, Folkets hus med kinoen. Men naudsarbeid gjekk berre til arbeidarar som høyrde heime på staden, og av dei fekk ungkarane arbeid berre tre dagar i veka, medan fedrane fekk full veke.
Andre fond sytte for sosiale tiltak som Eydehavn var fyrst med i fylket, stundom i heile landet, som fri skuletannrøkt, mors- og uføretrygd, og aldersheim uavhengig av fattigstellet.
Dei nyskapande grepa tok Hjelmtveit lokalt medan partiet sentralt krangla om kva tilhøve dei skulle ha til Moskva og Komintern. Så viktig var kommune- og lokalpolitikken for han at han etter fem år på Stortinget trekte seg for å verta ordførar att, eit verv han med litt avbrot hadde i femten år. Berre motviljug vart han i 1935 henta attende til rikspolitikken, då som statsråd.
1945
Det mest vidgjetne maitoget på Eydehavn gjekk i 1945, og då ikkje 1. mai, men ei veke etter. Då det vart kjent at tyskarane hadde kapitulert, byrja folk å samla seg på torget og gjekk etter kvart av garde som eit tog, fyrst mot fabrikkane, så vidare mot Buøya, der direktørane budde i staselege villaslott med tennisbane. Direktørøya var stengd for arbeidarane, om dei ikkje var henta dit for å fiksa ting. Fruene på Buøya drog ikkje til samvirkelaget på Eydehavn for å handla, men hadde eigen båt som tok dei til butikkane i Arendal.
Men då det improviserte toget kom til brua og forbodsskiltet, heldt det fram likevel. Tysdag 8. mai våga ingen å stogga dei. På frigjeringsdagen gjorde ein som ein ville.
Bjørka lyste grønn og svai
Flokete var røttene
På Eydehavn var første mai
større enn den søttende
Men størst i mai på Eydehavn
ble et år den åttende
Et éngangs-maitog uten navn
gikk spontant til slottene
på øya som var reservert
de rike på fabrikkene
Forbudsskilt ble ignorert
Direktørbarnblikkene
Det ble en veldig frihetsdag
da folk kom seg på føttene
og første mai ble slått i lag
med feiring av den søttende
Det var som i tida før førre verdskrig, før radikaliserte internasjonalistar fekk fjerna «Ja, vi elsker» frå 1. mai-toga.
Nils Hjelmtveit var ikkje ein del av toget som kryssa brua til Buøya. 8. mai 1945 var han i London som ein del av eksilregjeringa, der han hadde vore kyrkje- og undervisingsminister sidan 1935.
1971
Eg ser etter Nils Hjelmtveit i folkehavet på fotografia som bror min og eg tok ein 1. mai på Eydehavn kring 1970. Heldt han ikkje tale ein annan stad, var han der heilt sikkert, nær 80 år gamal. Kva år er bileta frå?
Dei er truleg ikkje frå 1973, for det året godkjende Noreg Aust-Tyskland, og eit av slagorda på torget er «Anerkjenn Øst-Tyskland».
Dei er nok heller ikkje frå 1972, for i så høve hadde EF-valet sett meir preg på slagorda. Av dei eg klarar å lesa, er «Stopp terrorbombingen i Vietnam!!», «Demokrati – et faktum?», «Moland AUF krever et sted å være» og «Er fri kapitalbevegelse i norske arbeideres interesse?».
Bileta kan heller ikkje vera frå 1970, for ein av bilane har dei nye kjenneteikna som vart innført 1. april 1971. Det andre køyretøyet er ein lokalt registrert VW Transporter som har vore med varer på torget. Men personbilen er ein Drammens-registrert Simca 1100 som denne helga – 1. mai var ein laurdag – har vore på Sørlandet og så forvilla seg inn i mengda på Eydehavn, ikkje førebudd på at her var dagen ein folkefest.
Året var 1971, og dei snart femti år gamle bileta er frå slutten av ei stordomstid som varte i femti år. I 1975 vart aluminiumsverket lagt ned, og bygda vart aldri den same att. Kommunen vart slått saman med andre kommunar med andre hovudnæringar. I 1982 vart ein ledig murgard nær torget gjord om til Eydehavnmuseet.
Ein gong eg vitja museet, gjekk det opp for meg at eigen oppvekst er ei tapt tid og ei verd frå i går. Då var eg på Eydehavn i lag med den tiande og siste generaldirektøren i Norsk Hydro (i 2006 vart stillingstittelen endra til «konsernsjef»), Eivind Reiten, som gjerne ville sjå staden der den fyrste generaldirektøren, Sam Eyde, hadde gjeve industribygda namn. Eg trur det var i 2005, det året den andre fabrikken på Eydehavn, Nitriden, stengde den siste omnen.
Torget var svart av folk og raudt av faner, med talar og tog.
Han baud ikkje på arbeidsløysebidrag, men greitt lønt naudsarbeid.