🎧 Over strilelandet
Ingen posthorn er å sjå ved inngangen til hovudpostkontoret i Bergen, for i dag heiter det Xhibition Shopping Center. Men i eit hjørne i andre etasje ligg det eit lite postkontor. Reisa kan begynne.
Lytt til artikkelen:
Det er frå postrommet eg har dette minnet. Rommet låg innanfor kjøkenet i huset til bestemor og bestefar, og hadde ekspedisjonsluke ut mot den vesle gangen der postkundane kom inn gjennom ei eiga ytterdør. Over ekspedisjonsluka var alle postboksane, små hyller sett frå postrommet. Etter at bestemor hadde fylt opp boksane, kom arnafjordingane for å hente posten. Men ein såg ikkje menneska, berre hendene som grafsa til seg aviser og brev, før luka i boksen small att. På ein seksåring gjorde det eit uutsletteleg inntrykk.
Bestemor mi var postopnar i Postens stordomstid. Den flottaste arvegjenstanden eg som historikar har etter henne, er Postkart over Norge frå 1958 – eit fargerikt noregsatlas over poststader og postruter frå den tida etaten var representert ut til dei minste utkantar i det langstrekte landet vårt. Postopneri og brevhus låg tett som hagl sjølv i nokså grisgrendte strok – berre langs min eigen heimfjord, Dalsfjorden, tel eg 15.
I små bygder som Arnafjord gjekk stillinga som regel i arv. Bestemor overtok både posten og telefonstasjonen i 1947 etter onkelen med tilnamnet Post-Per, og ho hadde stillinga til kontoret vart nedlagt og ho gjekk av med pensjon i 1978. Postens stordomstid fall saman med husmorperioden i norsk historie, men bestemor var altså blant dei yrkesaktive damene, og Posten blei rekna som ein botnsolid arbeidsplass. Det var før det store fallet i 1990-åra, då NPM, EØS og internett sende Posten i bratt utforbakke. Ein av naboane mine tok sluttpakke på den tida, seinare har han ført eit skiftande jobbtilvære som drosjesjåfør og seljar.
Posten var meir ein livsstil enn eit yrke for bestemor. Til alle døgnets tider og i alle slags vêr laut ho ned på kaien for å hente og levere postsekken. Arnafjord fekk posten med båt fram til bygda kom ut av vegløysa i 1973. Og rutebåten kom sjølvsagt frå Bergen, som var byen for sogningane, og det er dit vi skal først på denne reisa.
Sjøvegen var lenge den føretrekte postvegen, men det var etter at damp og motor gav sikker framdrift. I seglskutetida kunne brev bruke månadsvis på å komme fram. Sokneprest i Kinn prestegjeld, Michael Sars, var også naturforskar og korresponderte ein del med forskarar i utlandet. I 1836 fekk han eit brev frå ein professor i København som hadde brukt tre månader på å komme fram. På denne tida gjekk det framleis ikkje postrute langs kysten, så Sars laut bruke kjøpmenn i Bergen til å vidaresende post til seg i Florø. Men det fanst på denne tida ei rute litt lenger inn i landet, som gjekk mellom dåtidas største og tredje største by: postvegen Bergen–Trondheim. I staden for omvegen via Christiania, som posten laut tidlegare laut ta, kom denne ruta på plass i 1785.
Det er koronatid, og eg sit i karantene etter å ha reist i hurten og sturten heim att for ikkje å bli sitjande fast i det store utland. Eg kan knapt gå utfor døra. Eg sit og blar i postatlaset til bestemor og drøymer om staute postfolk som tok seg fram langs livsfarlege ruter. Om postmannen Gunnar Turtveit, som i 1903 blei teken av snøras ved Seljestad mellom Røldal og Odda, men som klarte å grave seg fram med posthornet etter 56 timar. Slike postmenn, det vil gamle Noreg ha. Ein noregsferie langs postvegen kan høve bra i desse tider.
Nokre veker seinare står eg ved den blå steinen i Bergen, klar til første etappe, utstyrt med sykkel. Det er tysdag, og klokka er tolv, tidspunktet då posten kvar veke gjekk nordover. Starten må sjølvsagt leggjast til eit postkontor, men kvar? På 1700- og 1800-talet flytta Posten hyppig, noko som kom av at dei skiftande postmeistrane hadde ekspedisjonen heime i huset sitt, nett slik som bestemor. Først i 1894 fekk Posten i Bergen eit bygg som var spesiallaga til føremålet, men dette brann ned under bybrannen i 1916. I 1956 kom så det modernistiske stasbygget som framleis står i Småstrandgaten 3, teikna av Nils Holter og tatt i bruk etter ikkje mindre enn 40 års planleggings- og byggjetid. «Ingen fremmed skal heretter tvile på hvor posthuset ligger i Bergen. Over alle innganger og på de iøynefallende partier av bygget lyser posthornet i rødt ved siden av ordet POST», heitte det i avisa Dagen ved opninga.
Eg tek turen til Småstrandgaten. Det tidlegare Bergen hovedpostkontor er no omgjort til Xhibition Shopping Center, med over 40 ulike butikkar. Ingen posthorn er å sjå på utsida, men inst i eit hjørne i andre etasje finst det framleis eit lite postkontor. Reisa kan begynne.
Turen går gjennom Sandviken, forbi Munkebotn og Eidsvåg. I Glasskaret kjem den første påkjenninga. Her er postvegen berre ein steinete, bratt sti opp til det første skysskiftet på garden Rolland, og eg lyt for det meste bere sykkelen. Seinare måler eg stigninga på kartet til å vere 26 prosent, atskillig meir enn Stalheimskleiva som med sine 20 i si tid vart rekna som Noregs brattaste riksveg.
Andre har slite med bakkane her før meg. Franskmannen Jacques-Louis de la Tocnaye drog langs postvegen frå Molde til Bergen i 1799: «Terrenget rundt Bergen er noko av det verste ein kan tenkje seg. Tre gonger måtte eg opp på høge fjell og deretter ned att, og vegen var ei primitiv trapp av rå steinblokker, der eg hadde kjensla av at eg når som helst kunne knekke nakken. I dalbotnane såg eg derimot fleire vakre gardar og større grender med tilkomst frå sjøen. Det er berre postruta som går over land.»
Av gode grunnar tok svært få reisande denne ruta. Engelskmannen John Barrow, som la ut med karjol langs postvegen i 1833, hadde eigentleg tenkt å følgje eit velmeint råd om å reise sjøvegen til Leirvik i Sogn, men blei forhindra av nordavind. Etter å ha manøvrert vognene opp Glasskaret med største varsemd for å unngå fullstendig øydelegging, laut følgjet vente ei stund på Rolland. Barrow såg då gjennom gjesteboka der, som tok til tolv år tidlegare, og fann knapt eit einaste namn innskrive, langt mindre nokon engelske turistar. På turen vidare til Trondheim sjekka han nøye alle gjestebøker og fann maksimalt eitt namn per år.
Den svært avgrensa trafikken botna ikkje berre i den dårlege vegstandarden, men også dei mange fjord- og innsjøkryssingane – heile 14 i talet. Den reisande laut stadig skaffe seg båtskyss, og dei som drog med vogner, måtte demontere utstyret for å få plass om bord i dei små farkostane. Lengten mot ferjefri E 39 har si historiske overbygning.
Første fjordkryssinga på postvegen gjekk frå Tellevik i Åsane over Osterfjorden og vidare gjennom Haglsundet til Isdalstø på Lindås-halvøya. Om trafikken var liten her i gamle dagar, så har strilane tatt det igjen i nyare tid. Etter at Mongstad-utbygginga kom i gang tidleg i 1970-åra, tok ferjestrekninga Knarvik–Steinestø pallplassen som Noregs mest trafikkerte. Nordhordlandsbrua, som avløyste ferja i 1994, kosta nesten ein milliard kroner og blei ein skandale på grunn av dei store overskridingane. Men trafikken over brua blei så stor at då dei tok vekk bompengebua i 2005, kunne reknemeistrane summere opp staten sitt bidrag til berre 41 millionar.
Vel over Nordhordlandsbrua er eg framme på sjølve Strilelandet. Byen rekk ikkje hit administrativt, men han strekkjer sine språklege tentaklar utover grensene sine. Byggjefelta er fulle av barn og ungdom som skarrar, og på Knarvik barneskule har 31 prosent av elevane bokmål som målform. På ungdomsskulen har det gått endå lenger, der har over halvdelen, 51 prosent, bokmål. Tru om Ivar Aasen hadde fantasi til å sjå føre seg ei slik utvikling då han oppheldt seg i distriktet for nær 180 år sidan?
Aasen drog sørover langs postvegen frå Eivindvik, der han hadde stogga i sju veker, våren 1843. Første dagen kryssa han Fensfjorden over til Fanebustsjøen, der tok han ein kviledag. Deretter gjekk ferda vidare over land til Hundvin, og så med båtskyss til Neset nord for Seim. Dei som budde her, var mistenksame og tok dårleg mot Ivar. Dei var opptekne med barnedåp der det var mykje drykk, og lensmannen var den fullaste av dei alle. Ivar hadde ikkje pass å vise føre seg, men då han fann fram eit brev frå biskop Neumann, blei dei mykje greiare å ha med å gjere. Dei ordna då skyss til han med ei jente som tok han til Isdalstø. Seinare fekk Ivar høyre at sidan strilane budde så nær ein folkerik by, vart dei så ofte narra og fornærma av framande reisande at dei såg på alle slike med mistanke og avfeia dei ganske kort. Mot kjentfolk var dei derimot velvillige og hjelpsame, skriv han.
Ivar stogga lenge i Nordhordland. I meir enn åtte månader budde han hjå lensmann Brudvik på Litlebergen på Holsnøy for å samle opplysningar om dialektar og anna. Det lange opphaldet gjev han Posten skulda for. Eit brev han skulle ha fått frå Trondheim, kom aldri fram, og det igjen kom av at eit reisebrev som han sjølv hadde sendt frå staden, ikkje nådde mottakaren.
Mitt eige e-brev med rombestilling kjem derimot vel fram til Hotel Westland i Lindås. Hotellet ligg eit par steinkast frå prestegarden, som var det første postopneriet i bygda, og det første ein kom til langs postvegen. Posten skulle etter ruta bruke tolv timar hit frå Bergen, og åtte timar vidare til Eivindvik, neste postopneri, men ofte klarte ikkje postberarane å halde tida. I vind og mørke var det vanskeleg – somme tider umogleg – å krysse fjordstrekningane, og posten blei sterkt forseinka. Sjølv i dag hender det at ferja, som eg tek over Fensfjorden, eit beist av eit farty på over 100 meter, lyt innstille på grunn av uvêr.
Frå ferja ser vi over til Mongstad, som står avmerkt med postopneri i bestemors atlas. Postopnaren på Mongstad var ei kvinne som har fleire likskapstrekk med bestemor mi. Anna Mongstad overtok stillinga etter ein familiemedlem kort tid etter krigen. Ho hadde postkontoret i bustadhuset sitt og ho stod i sin post (sic) gjennom heile yrkeslivet. Men mens heimstaden til bestemor mi blei verande ein søvnig utkant, fekk Anna og sambygdingane hennar oppleve eit heilt anna og dramatisk innsteg i oljealderen.
Ein julidag i 1970 har bygdefolket møtt mannssterkt fram i den gamle hermetikkfabrikken på Mongstad. Ordføraren og ein lokal stortingsmann er på plass for å orientere saman med ein kar ingen har sett før. Han representerer Hydro og skal leggje fram utbyggingsplanar for bygda.
Ingen likar det dei får høyre. Bodskapen er at dei alle må flytte vekk for å gje plass for storindustri. Mange kjem på gråten og blir sinte.
– Dette er verre enn Telavåg, kjem det frå salen.
– Folket der hadde ein stad å vende heim til etter krigen. Her skal alt raserast!
Men andre som tek ordet, minner forsamlinga på at dette kan skape framtid i eit distrikt som er sterkt prega av stillstand og fråflytting. Kanskje må ein ofre noko for å få mange ettertrakta arbeidsplassar?
To år seinare er heile bygda på flyttefot, også Posten. Det nye oljeraffineriet krev svære areal. Men Posten trengst også i det nye samfunnet. Tusenvis av arbeidarar i brakkeleirar og ei mengd industribedrifter står i kontakt med omverda gjennom brev og andre postsendingar. Postkontoret på Mongstad får fine nye lokale og held stand fram til den store bølgja av postnedleggingar på slutten av 1990-åra.
Gaute Losnegård
Gaute Losnegård er historikar og forfattar.
Langs Den trondhjemske postvegen
Gaute Losnegård er historikar og forfattar med sterk utferdstrong og ei bestemor i Postverket. Han reiser langs den gamle postruta frå Bergen til Trondheim, 695 kilometer til fots og med sykkel, robåt og bil, og tek utflukter i Postens mangslungne historie. Del 1 av 5
Trondheim - Morken 36,7 km
Morken - Ljåmo 12,6 km
Ljåmo - Garberg 42,4 km
Garberg - Rånes 53,7 km
Rånes - Kvanne 18,4 km
Kvanne - Tingvoll 22,6 km
Tingvoll - Molde 57,9 km
Molde - Remmen 17,0 km
Remmen - Ørskog 25,4 km
Ørskog - Stranda 24,0 km
Stranda - Hellesylt 33,9 km
Hellesylt - Hornindal 39,6 km
Hornindal - Reed 50,9 km
Reed - Ålhus 31,1 km
Ålhus - Førde 33,9 km
Førde - Dale 35,0 km
Dale - Leirvik 45,2 km
Leirvik - Eide 39,6 km
Eide - Lindås 12,7 km
Lindås - Bergen 62,2 km
Til saman 695,0 km
Av dette er 150 km kryssing av fjordar, innsjøar o.l.
Avstand mellom postopneria på 1790-talet