Historie
Den perverterte idealismen
Når du ser deg sjølv som sinnbiletet på «det gode», kan det lett oppstå ei særskilt vondarta form for fanatisme. Men det vart aldri klårt korleis det ikkje-demokratiske samfunnet skulle sjå ut. Eg ville ikkje ha budd der.
Orwell-inspirert murmåling frå Canvi a Carrer de Cañete, Valencia i Spania.
Med feste i Solheims tekst kan vi no greie ut meir i detalj kva som ligg i analysen hennar av «den gode viljen».
Når ein definerer seg som berar av «det gode», skjer tre ting:
1. Ein immuniserer seg sjølv mot innvendingar, for korleis er det mogleg å ta feil når ein er ei ikjøting av godleiken?
2. Når ein representer «det gode», vil motstandarane lett bli identifiserte med «det vonde». Det skjer ein dramatisk reduksjon, ja, nesten ei avhumanisering av «den andre» til ein type, ofte ein karikatur, ikkje ei kjelde som kan ha innsikt eller andre perspektiv for ein sjølv.
Rommet for samtale vert sterkt redusert, også fordi sjølve tanken om kompromiss med «den andre» trugar eigen identitet. Og svikarstempelet ligg som sagt nær, som i tilfellet med Sandemoses karakteristikk av Koestler. Sjølvrettferd er denne mentalitetens modus operandi.
3. Dei regima som sjølv meiner at dei representer «historia» eller «det gode» eller «det rettferdige», kan så å seie i utgangspunktet ikkje ta feil eller gjere feil. «Det var uråd å førestille seg at ei antiimperialistisk rørsle som pr. definisjon var god, kunne gjere seg skuldig i folkemord», som Solheim skriv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.