Restaurering
Hjarteromoperasjonen
– Vil du behalda dørene, eller skal me kasta dei?
Siste kveld før utskapinga av denne innreiinga.
Alle foto: May Linn Clement
Kjøkenet: May Linn Clement er 34 år og skal kjøpa det fyrste kjøkenet sitt. Målet er at det også vert hennar siste. Del 2 av 3
To arbeidarar er i gang med å demontera kjøkenet mitt og hiva det i ein container utanfor, og dei lurer på om eg vil ha dei to gamle dørene inn mot rommet. Ei går mot gangen og ei mot stova, den eine er 190 høg og 70 brei, den andre litt høgare og breiare, men begge er i same lakkerte treverk. Dei vart sette inn i 1960-åra, då huset vart renovert.
Kva tresort er desse dørene laga av, spurde eg ein gong far min, som er gamal båtbyggjar. Han studerte dei tett og snuste på dørene, før han gissa at det var bøk. Heilt sikker var han ikkje, noko som overraska meg. Eg trudde han kunne seia kva sort det var berre ved å sjå på trevirket. Nei, sa han, for å identifisera ein tresort må du bruka nesten alle sansane. Du må sjå strukturen, lukta treet og helst skjera av ei flis og smaka på vara. Det er ein fordel om du i tillegg kan ta på treet og kjenna vekta.
For fire år sidan vart det einaste badet i huset vårt pussa opp. I samband med operasjonen vart òg døra skifta ut. Frå ei lita, lekker, lyserosa dør til ei keisam kvit i standardmål. Den gongen visste eg ikkje at det var skilnad på dører. Ei innedør er ei innedør, tenkte eg. I dag veit eg betre. Den fire år gamle døra er den styggaste, simplaste og nyaste døra i heile huset. Eg veit ikkje kva ho er laga av, men eg mistenkjer at det er pappmasjé. Kjem det eit hakk eller ei rift i døra, noko det kjem om ein berre ser på henne, tyt det fram eit grått sår. Vaskar eg døra, veks såra. Eg anar ikkje kva ho kosta, ho berre var der då badet var ferdig, og bedrog med det kvite skinnet sitt. Kosta ho meg så mykje som 50 kroner, var ho ikkje verd det.
Shame on you if you fool me once. Shame on me if you fool me twice, syng LeAnn Rimes.
Svaret mitt til arbeidarane vart difor:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.