Reportasje

Hjelp, eg er på luksusferie!

Luksus er for viktig til å bli overlaten til kaksane. No er turen komen til vanlege folk.

Publisert

Eg må fortelja om eit mareritt eg hadde for litt sidan. I draumen hadde eg nettopp fått rommet mitt på Britannia Hotell i Trondheim. Det fyrste eg gjorde, var å røska lakenet av senga. Der fann eg det eg frykta mest: ein heilt vanleg, sliten skumgummimadrass. Madrassen kunne umogeleg ha vore handsydd i Sverige og kosta 60.000 kroner eller meir, slik madrassane på Britannia skal gjera.

Eg vart paff, kjende meg lurt i eigen draum. Skulle eg gje beskjed til resepsjonen? Ta det opp med direktøren? Gå rett til hotelleigar Odd Reitan? Alarmen gjekk.

Og eg vakna, heime i mi eiga seng. Senga kjøpte eg av ein nabo for 2500 kroner, etter å ha vunne ein bodrunde på den lokale kjøp-, sal- og bytesida på Facebook.

At eg drøymde om Britannia, er ikkje tilfeldig. I fellesferien, medan det koka som best i kjernefamilien min, hadde eg eit brennande behov å sjå fram til noko, eit avbrekk. Til nokre dagar utan borna, ein stad eg aldri hadde sett føtene mine før. Eg trong å gleda meg til noko luksuriøst.

For somme er ein tur på hytta den beste avkoplinga frå kvardagen. Sidan eg ikkje har hytte, som ifylgje Den norske Bank kostar 99.800 kroner i året berre å eiga, kan eg ta meg råd til ein betre hotellferie i ny og ne. Det er den forma for avkopling eg føretrekkjer.

Så, vesle spegel på veggen der, kor kan eg oppleva mest luksus i landet her? Eg søkte på nettet etter Noregs beste hotell, og landa i Trondheim.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement