Hovdens fredssalme

I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.

Anders Hovden.
Anders Hovden.
Publisert

To år seinare tok Hovden han med i Nynorsk Salmebok, som han redigerte saman med Peter Hognestad og Bernt Støylen. Men då hadde salmen fått eit vers mindre.

Det verset som er teke ut, lyder slik:

Saar ligg verdi etter krigen,
hatet brenn som eld og eim:
Fader, reis no himmelstigen
upp til deg fraa kvar ein heim.
Vis: Paa jordi alle stader
bur ei ætt av same blod,
alle born av same Fader,
brør med same hug og mod.

Julesalmen til Hovden, med melodi av Rikard Nordraak, har levd vidare. Han kom ikkje inn i Landstads reviderte utgåve, men dukka opp att i salmeboka frå 1985. Då var det strid om redigeringa, for komiteen sensurerte uttrykket «ein smil frå Gud», som stod i første og siste verset. Dette vekte harme, både i familien til Hovden og i nynorske krinsar. I salmeboka frå 2013 kom dei fire versa tilbake. Men altså ikkje det verset som Hovden sjølv tok ut.

Det er lett å skjøna kvifor han tok det bort. Det viser til «krigen» som ei hending like bak i tid. Det er for tidsaktuelt. Salmen var tiltenkt eit lengre liv. Men det bortredigerte verset tilfører også meining: Kyrkjeklokkene som ringjer over jorda, knyter seg til englesongens ord om fred på jorda. Og det er denne freden Hovden ser aktualisert i eit etterkrigsperspektiv. Det handlar om meir enn fred i sinn, det handlar om ei såra og krigsherja jord som endeleg får fred.

Difor skal klokkene ringja jorda rundt og varsla fred, som ein smil frå Gud. Eller også ringja som ei bøn om at Gud atter må smila, og gje ei såra jord fred.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement