Kunnskap

«I England var det lenge ei vanleg folketru at piggsvin sneik seg inn i fjøset om natta og stal egg og mjølk, medan prestane meinte piggsvin kunne vere hekser i dyreham.»

Det kan vere både triveleg og nyttig å ha piggsvin i hagen.
Det kan vere både triveleg og nyttig å ha piggsvin i hagen.
Publisert Sist oppdatert

Er du ein av dei heldige som har piggsvin i hagen? Piggsvin er fredelege og tilpassingsdyktige dyr som ser ut til å finne seg godt til rette i selskap med menneske. For ein hageeigar gjer dei god nytte for seg ved å ete sniglar og insekt, og piggsvin krev lite anna enn ein fredeleg plass der dei kan fôre fram ungane sine og gå i vinterdvale. Men det blir stadig færre piggsvin, både i Noreg og i resten av Europa. Kvifor er det slik, og kva kan vi gjere med det?

Forfedrane til piggsvina var blant dei små pattedyra som stod klare til å overta scenen då dinosaurtida gjekk mot slutten for om lag 70 millionar år sidan. I dag finn vi til saman 17 artar, spreidde rundt om i Europa, Afrika og Asia. Piggsvin er nattaktive rovdyr, og dei er ikkje i slekt med trepiggsvin og holepiggsvin, som alle er gnagarar.

Overtru

Piggsvin har alltid fascinert menneska og stimulert fantasien vår. I den zoroastriske religionen i det gamle Persia hadde piggsvinet ein særleg heilag posisjon, for ved å ete insekt, slangar og øgler stod dei på menneska si side i kampen mot djevelen (som på persisk vart kalla Beelzebub, herren over flugene).

I England var det lenge ei vanleg folketru at piggsvin sneik seg inn i fjøset om natta og stal egg og mjølk, medan prestane meinte piggsvin kunne vere hekser i dyreham. Parlamentet lova i 1566 ut skotpremie på piggsvin, kyrkja hadde naturlegvis også ein kampanje mot dei ukristelege udyra. Frå denne overtrua er det kanskje vi har tradisjonen med å setje ut mjølk til piggsvina i hagen. For hagegjestane er dette ein helseskadeleg og i verste fall livsfarleg praksis. Vaksne piggsvin er rovdyr utan evne til å fordøye laktose, og dei kan få alvorleg diaré av å drikke den velmeinte mjølkeskvetten.

Mange tusen år

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement