Sport
I form med bilen
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
Den tidlegare diskosutøvaren Stein Johnson gav i 1968 ut ei bok som heiter I form med bilen. Ein tittel det var umogleg å ikkje bli nysgjerrig på, kjente eg. Skulle ein komme i form inne i bilen og gjere øvingar i baksetet, eller skulle ein trene ved bilen, til dømes armhevingar inntil panseret? Eller kanskje skulle ein dra bilen etter seg?
Bodskapen i boka er at bilføraren bør vere i god fysisk og psykisk stand, for eigen trivsel og for trafikktryggleiken på vegane. Lystvekkjande mosjon, inni og utanfor bilen, blir difor tilrådd: «Gjør man det, kan man trygt fortsette med å kjøre sin bil, se på fjernsyn og nyte allverdens komfort.»
Det beste med treningslitteratur 50 år tilbake i tid er den lystige stemninga. Det handlar om «bøy og tøy» og «noen enkle øvelser som kan utføres på noen sekunder i dagens løp på arbeidsplassen eller i TV-stolen», og for all del: «Hast ikke når De går, men gled Dem, og la tankene kretse om nære og positive ting som stimulerer sinnet.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.