Essay
I gode og vonde arbeidsdagar
Eit minnekort og to USB-pennar. Er det alt?
Teikning: May Linn Clement
Det er rart å pakka saman eit elleve år langt kontorliv. Eg har alltid synest det ser så kummerleg ut på film, når nokon sluttar på kontoret. Dei får ein kasse og fyller han opp med permar, Post-it-lappar og biletet av familien som stod på pulten. Når dei går ut døra, er det ingen teikn på at dei nokon gong har arbeidd der.
Kassen med dei personlege eigedelane mine er nesten tom. Eit minnekort, eit par skriveblokker og nokre USB-pennar dekkjer ikkje eingong botnen.
I morgon byrjar permisjonen min. Utanom meg er det berre redaktøren som er på kontoret i dag. Det var han som gjorde jobbintervjuet og gav meg stillinga her for elleve år sidan. Av arbeidsprøvar hadde eg ein bråte teikningar og nokre petitar frå studentavisa i Stavanger, ingen reportasje eller portrettintervju. Likevel fekk eg jobben som journalist i Marsteinen, med full tillit frå dag éin. Her har eg fått gjera kva eg vil, så lenge eg vil noko.
Eg var 16 år då eg fekk den fyrste skikkelege jobben min. Det var å setja varer i hyllene på Spar i nabobygda Øystese. Sidan eg ikkje var 18 år, fekk eg ikkje sitja i kassa. Eg arbeidde berre om torsdagar, når varene kom.
Me var to som var kalla inn til intervju, på same tid. Ei som gjekk året over meg på teikning, form og farge ved Norheimsund vidaregåande skule, og meg. Noko så kleint. Der sat me på eit lite kontor og svara etter oppskrift på spørsmål om dei gode og dårlege eigenskapane våre. Det var om å gjera å vera mest tilgjengeleg for arbeidsgjevaren. Eg trudde det var henne eller meg før intervjuet var ferdig og arbeidsgjevaren sa:
– Me treng dykk begge to.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.