¿ I koronatida

Kva modellar har vi for å tolke det som skjer no? Svartedauden og spanskesjuka er to av dei mest kjende pandemiane i historia.

«Svartedauden kommer til gårds» er tittelen på teikninga til Theodor Kittelsen (1857–1914).
«Svartedauden kommer til gårds» er tittelen på teikninga til Theodor Kittelsen (1857–1914).
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

For ei tid tilbake fann eg ei rotte i bakgarden der eg bur. Rotta froda ikkje om munnen, men ho skalv og var i ferd med å døy. Naboen, som var tøffare enn eg, fann fram ei vedskie, slo rotta i hel og kasta henne i søpla. Hadde eg vore ein som tolka teikn, hadde eg skjønt det då. Pesten som skulle kome.

For om lag ti år sidan, under ei herleg sommarveke på Tromøya, las vi den norske barneklassikaren Det kom et skip til Bjørgvin i 1349. Spørsmålet var opplagt: «Kan dette hende no, mamma?» «Nei da, sjølvsagt ikkje.» For det kunne det vel ikkje?

Då vi no i jula spelte Pandemic, brettspelet der ein skal berge verda frå ein katastrofe, medan farenivået stig mot full pandemi på nivå 5, var svaret framleis det same. «Nei, sjølvsagt ikkje.» Vi har i grunnen alltid vunne over pandemien i dette brettspelet. Det var ingen grunn til å tru at røyndomen var annleis.

Men med reportasjane frå Italia fyrste veka i mars byrja angsten å breie seg for alvor. Éin ting var Kina, men kunne det skje i Italia, kunne det òg skje her. Overbelasta sjukehus, brutale prioriteringar, besteforeldre som døyr utan avskil eller gravferd. Sjølv tok eg ungdomane mine ut av skulen to dagar før Erna gav ordre om det same. Det var kjensla av å sende dei med fulle bussar i rushtida, til sikre virusfeller på stappfulle skular med små klasserom, som gjorde utslaget – medan styresmaktene tilsynelatande famla i blinde.

Vi stengde oss inne. Eg tok ikkje buss, men gjekk til ein av skulane for å hente bøker. Medan eg fikla med låsen på bokskåpet, høyrde eg dei ubekymra klassekameratane snakke om kor herleg det hadde vore å få korona og vere heime i karantene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement