Kultur

I opphavet var diktet

Tysdag er verdas poesidag, skipa av FN i 1999, men markeringa er eldre. Sjangeren òg. Poesien er gjerne like gamal som holemåleria. Og det eldste kjende diktet kjenner me alle.

Ei kring 4000 år gamal leirtavle med delar av Gilgamesj-kvadet, soga om vassflaumen. Tavla er i Sulaymaniyah-museet i Irak.
Ei kring 4000 år gamal leirtavle med delar av Gilgamesj-kvadet, soga om vassflaumen. Tavla er i Sulaymaniyah-museet i Irak.
Publisert Sist oppdatert

Den årlege markeringa av verdas poesidag 21. mars er nokså ny. Slike årsdagar kjem gjerne i stand i regi av FN, og det gjorde verdas poesidag òg. Markeringa vart erklært under eit Unesco-møte i Paris i 1999, «for å fremja språkleg mangfald gjennom poetiske uttrykk og for å gje truga språk høve til å verta høyrde».

To år etter kom dagen til Noreg. I 2001 las ein at FN «har bestemt seg for å innføre en egen Poesiens dag 21. mars hvert år. Og det er en pasning som fotballtrener og litteratur-entusiast Nils Arne Eggen tar på strak vrist: – Ja, jeg er veldig glad i poesi, og så lettrørt at tårene triller når jeg leser en god tekst. Jeg har så mange yndlingsdikt at det blir helt urettferdig å plukke bare ett. Det finnes jo så mange sjangre. Du har for eksempel ett med røtur og klang, ’Fjell-Norig’, av Olav Aukrust som begynner slik:

Du salme i skogen, der vindsus syng

kvar linnvêrs natt,

du helsing frå villmark og végras og lyng –

stødt kjem du att.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement