Sport
I spagaten
Eg gjorde eit forsøk på å få ChatGPT til å gi meg eit treningsprogram for å komme ned i spagat.
t.h. ChatGPT har mange treningstips, men det kan fort bli for mykje og for intrikat. (Skjermdump frå ChatGPT 4o). t.v Personleg trenar har noko for seg. Det blir rett og slett meir personleg. (Foto: Berit Roald / NTB)
Det er mogleg å bruke kunstig intelligens som treningspartnar, du må berre vere presis i det du matar maskinen med. Å skrive «eg vil ha betre kondis» er for vagt. Den kunstige trenaren må vite kva fysisk form du er i, kva du skal bruke kondisen til, og eventuelle skavankar du har – her er endeleg nokon som vil høyre om sjukdommane dine.
Eg gjorde eit forsøk på å få ChatGPT til å gi meg eit treningsprogram for å komme ned i spagat. Maskinen gjev meg konkrete øvingar, men det er vanskeleg å forstå dei berre ut frå teksten. Når eg spør om han har video av øvingane, viser han meg lenker til nettstader. Det blir for krevjande å klikke og styre. Viss ein har minimal treningsbakgrunn, har ein heller ikkje heilt peiling på om ein gjer øvingane rett, trass i videoen.
Her kan ein trekke trådar til Debatten i NRK 4. januar 2024, som handla om kva som er den beste treninga, og kven ein bør søke treningsråd hos. Debatten sprikte til alle kantar, frå all trening er god trening, til påstandar om at bloggarar og kommersielle som gjev feilinformasjon om trening, er helsefarlege. Tydelegast var han frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet som meinte at det var éin treningstype som gjaldt for betre folkehelse, nemleg 4x4 minutt løpsintervall. Økta er forska på, og me veit at ho fungerer. Enkelt og greitt, i alle fall for dei som er mentalt i stand til denne type trening to gonger i veka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.