Essay

Identitet på stett

Etter tips frå Regjeringen.no, dreg eg på sidersafari som turist i eigen fjord.

Publisert

Dette, tenkjer eg der eg står i produksjonslokalet til eit av dei 24 sideria i Hardanger, med eit stettglas sider i eine handa og ein tannpirkar med ein ostebit i den andre. Dette skal eg servera gjestane mine frametter. Dette er meg – den nye meg.

Idet gjestane kjem, skal eg henta fram ei flaske sider frå Hardanger og ei fjøl med tempererte terningar av vellagra Fanaost, den som vann verdsmeisterskapen i ost for nokre år sidan.

Så skal eg seia: Sideren kjem frå Hardanger, ja, nett som eg. Og osten er frå Ostegården på Krokeide, berre nokre hundre meter frå ferjekaien. De køyrde forbi han på vegen.

Ein god kombinasjon kan ikkje blandast for mykje.

Eg er lett tenneleg når det gjeld alkoholtrendar. Eg har surfa på naturvinbylgja, hatt vinpakkar på trestjernersrestaurantar og drukke vin frå fødeåret mitt, 1986 – det smaka som å gå ned i ein fuktig kjellar.

Så då eg var i Norheimsund i ferien og vart obs på at det berre ein liten spaser- og båttur frå barndomsheimen min er noko dei kallar for sidersafari, var eg ikkje vanskeleg å be.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement