Reportasje

Ikkje stein att på stein

JERUSALEM: Tre spørsmål tek eg med heim att: Kvifor går Israel så brutalt fram? Kvifor gjekk Hamas så brutalt til åtak? Er fred ein normaltilstand?

Vestmuren i gamlebyen i Jerusalem.
Vestmuren i gamlebyen i Jerusalem.
Publisert

Eg kjem til Ben Gurion-lufthamna med mange spørsmål, men færre enn sist er spørsmåla i den israelske tryggingskontrollen. I krig ville eg venta ei minst like grundig utspørjing. Kvifor går det snøggare no? Av di utlendingane er få? Mange av dei få skal til USA. Høgortodokse reisande til New York lyt skunda seg. Frå høgtalarane lyder det: JFK! JFK!

Går det snøgt av di eg svarar så overtydande energisk og glad på spørsmåla, som denne gongen ikkje krinsar om folk eg har møtt på Vestbreidda, men om borna og barneborna heime? Når dei saumfer passet i innsjekkinga, kjem eit ekstraspørsmål frå ei væpna tryggingsvakt:

– Kva er rett uttale, Haland eller Håland?

Spørsmålet er retorisk, han har fått med seg at å-ljod er rett, og er stolt av det.

Der bombene ikkje fell, vert krig kvardag. Åtte mil frå der me drøftar uttale av dobbel a, ikkje lenger enn frå Oslo lufthamn til Drammen, skal meir enn 12.000 born, kring hundre om dagen, ha døydd sidan oktober, i eit sundbomba Gaza der stein ikkje ligg att på stein.

Brutalitet 1

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement