Island rundt

Om eg kan summere opp fyrsteinntrykket mitt av Island? Ja, det kan eg vel. Island er eit dritland. Eit skikkeleg shithole country.

Nei, eg var ikkje spesielt heldig på dette biletet, men ein kan no sjå både ein foss, den islandske skinnjakka mi og leigebilen Bjartur.
Nei, eg var ikkje spesielt heldig på dette biletet, men ein kan no sjå både ein foss, den islandske skinnjakka mi og leigebilen Bjartur.
Publisert Sist oppdatert

Så lat oss no like gjerne ta det heile frå byrjinga: Jordkloten er cirka 4,56 milliardar år gamal. Tenk du på det, fire og eit halvt tusen millionar år! Det er svimlande gamalt, langt utanfor vår forstand å fatte. Island er berre 20 millionar år, men sjølv eit slik rom av tid er for oss uskjøneleg, og derfor til noko hjernen vår klarer å femne:

Tvers gjennom den duvande Atlanteren frå Sørishavet og heilt opp i Nordishavet strekker ei undersjøisk fjellkjede seg. Denne blir kalla den midtatlantiske ryggen. På den eine sida ligg den eurasiske kontinentalplata, på den andre sida den nordamerikanske, og slik gnissar dei mot kvarandre. Eller – eigentleg riv dei seg frå kvarandre.

Like sør for Polarsirkelen, i grenselandet mellom den tempererte og polare klimasona, bryt ryggen seg trassig opp av ishavet og dannar eit over hundre tusen kvadratkilometer stort landområde av fjell, fjordar og øyer, av isbrear, vulkanar, geysirar, av stein, grus, myr, kratt, lyng og langflate, grøne graslier.

Dette er Island. Halve landet kviler på den vestlege plata, den andre halvparten på den austlege, og i brytninga mellom desse skjer eit vaklande, skorpetynt mellomland seg skrått over. I geologisk tidsrekning er jo 20 millionar år ingenting. Øya er så å seie nylaga, eller som dei seier på engelsk – Iceland is work in progress. Så seint som i 1967 fekk islendingane eit stort tilskot av nytt land, då magma igjen steig opp frå det indre av jorda og skapte øya Surtsey.

I år 874 eller der omkring gjekk nokre misnøgde vestlendingar i båtane og sette kursen mot nordvest, og langt ute i det gråsalte ishavet fekk dei landkjenning. Dette forblåste øydelandet var på randa av det menneske kan leva i og av, men så intenst mislikte Ingolv Ørnsson frå Sunnfjord Harald Hårfagre og gamlelandet at han valde å busette seg der.

Det einaste som fanst av landdyr, var fjellreven. Dei fyrste nybyggjarane skipa med seg sauer, geiter, kalvar og føl, dei skipa hundar, kattar og – utan å vilje det – rotter og mus. I den urørte villmarka rydda dei seg gardar og husa seg i steinbuer og torvhus. Der inne sat dei i sot og mørke og åt kokt sauekjøt, harskt selspekk og salta fisk, og slik pinte dei seg gjennom tusen isvintrar med svolt, pest, uår, vulkanutbrot, jordskjelv og dansk kolonistyre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement