Essay
Islandsk gull, røykjelse og myrra
Til sist fekk Island fyrsteutgåvene av verdslitteraturen sin i gåve frå Danmark. Fotografia av heimkomsten til desse handskriftene seier... alt.
Illustrasjon: Björk Bjarkadottir
Lytt til artikkelen:
Frå fotomuseet i Reykjavik – Ljósmyndasafn Reykjavíkur – har eg utsyn over den gamle hamna. Dit kom 21. april 1971 det danske kystvaktskipet «Vædderen F-349» med dei fyrste handskriftene som Danmark til slutt hadde gått med på å levera attende til Island.
Alltinget reiste saka fyrste gongen alt i 1907. Dinest gjekk det slag i slag med ujamne mellomrom: 1924, 1930, 1938, 1945... Særleg etter krigen var saka ei varm potet i dansk politikk gjennom fleire tiår. Det var aldri tale om at danskane hadde nokon folkerettsleg skyldnad til å gje islendingane dei opphavlege versjonane av kveda, lovene og sogene.
Men til sist – i 1965 – vedtok Folketinget ei lov som innebar at Island skulle få skriftene attende i form av ei gåve frå Danmark. Punktum var likevel ikkje sett. No fylgde rettstvistar og to førehavingar i den danske høgsteretten. Fyrst 18. mars 1971 sytte ti av tolv høgsterettsdomarar for at ord kunne omsetjast til handling: Over eit tidsrom på om lag 25 år skulle tusentals islandske manuskript sendast frå København til Reykjavik, fyrst sjøvegen, seinare med fly. Sjøferda til «Vædderen» vart ei fyrstereis i det stykket. Om bord var handskriftet Codex Regius med mellom anna Den eldre Edda og den omfangsrike Flatøyboka i to band.
Eg vil sjå kva som hende med eigne augo. På fotomuseet attmed sjølve åstaden finn dei fram ei rad fotoalbum med hundretals negativ. Eg fer attende i tid med lupe; 21. april 1971 ovrar seg i svartkvitt. Det er lett å stira seg blind, men smått om senn avgrensar eg merksemda til ei handfull fotografi. Eitt bilete viser tre danske matrosar i det dei går i land. Dei ber på dei islandske handskriftene solid innpakka i grått papir. Matrosane har på seg svarte hanskar. Nokre av sjømennene om bord har fotografiapparat. Ein skokk med islandske skuleborn har alt borda skipet og fylgjer med på hendinga derifrå. Det er onsdag, men fridag, no som handskriftene vender attende.
Eit anna fotografi syner speidarar som står æresvakt på kaia. Det er i fargar, jentene er i fokus, dei har mørkeblåe strømper, skjørt og genser utanpå kvit skjorte, og annakvar jente held eit islandsk flagg. Eit tredje bilete gjev meg eit fugleperspektiv. Eg ser ned på eit korps som speler hornmusikk, ein horde med fotografar og eit festkledd hav med menneske. Statsministeren har forlate talarstolen. No gjev dei danske sjømennene frå seg pakkene til islandsk politi. Ein av politimennene helsar formelt; gjer honnør – det ser ut som det er til handskriftene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.