Dyr

Julefuglen i augustnatta

Havsvala tel blant dei minste sjøfuglane i verda. Ho er omtrent stor som ein sporv, men kan leve lenger enn tretti år.

Denne havsvala har fått ring kring beinet og skal snart flyge av garde. Mykje står att å lære om arten, som særleg sjømenn har møtt inntil nyleg.
Denne havsvala har fått ring kring beinet og skal snart flyge av garde. Mykje står att å lære om arten, som særleg sjømenn har møtt inntil nyleg.
Publisert

Det er denne fuglen ornitologar i Nord-Noreg kallar for julefuglen: havsvala. I desembermørket forlèt årets ungfuglar reirholet for fyrste gong og flyg til det eigentlege habitatet sitt: ope hav. Reira dei veks i, vert lagde på isolerte øyer og holmar, i naturlege holrom. Av og til overtek havsvalepar reir etter lundefugl eller kanin.

Havsvala tel blant dei minste sjøfuglane i verda. Ho er omtrent stor som ein sporv, men kan leve lenger enn tretti år. Snittalderen ligg rundt elleve år – ei æve samanlikna med det som er vanleg blant mange småfuglar. Også under hekkinga strekkjer havsvala tida. Etter pardanning og paring legg hoa eitt einaste egg, som veg cirka ein fjerdedel av kroppsvekta hennar. Dette egget og fugleungen som veks i det, toler usedvanleg godt nedkjøling, men då tek det òg tid før det vert klekt.

Hjå havsvaler som hekkar så langt nord som utanfor Nord-Noreg, vert egget ofte lagt seint, i august, og ungfuglen er klar til å kaste seg ut av reirholet i den mørkaste tida av året. Den fyrste ferda ut av reiret og over Atlanterhavet går sørover, for nokre individ til dei same breiddegradane som Sør-Afrika. Dei som overlever, skal fyrst verte kjønnsmodne etter nokre år, og kjem ofte attende til plassen der dei vart fødde, for å hekke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement