Kampen om polarforskinga

Det har aldri vore lett å flytte ein statsinstitusjon ut av hovudstaden. Heller ikkje eit polarinstitutt. Men det hjelper med god timing.

Demonstrasjon utanfor Stortinget 9. juni 1993. Eit viktig argument mot flytting av Polarinstituttet var at dei tilsette ikkje ville følgje med. Det vart òg tilfellet. Trass i tilbod om eit prøveår – kor flyttinga vart dekt, og alle fekk lovnad om 24 betalte heimreiser i prøveåret, og ei eventuell returflytting betalt – vart mindre enn 10 prosent av dei 63 fast tilsette med nordover.
Demonstrasjon utanfor Stortinget 9. juni 1993. Eit viktig argument mot flytting av Polarinstituttet var at dei tilsette ikkje ville følgje med. Det vart òg tilfellet. Trass i tilbod om eit prøveår – kor flyttinga vart dekt, og alle fekk lovnad om 24 betalte heimreiser i prøveåret, og ei eventuell returflytting betalt – vart mindre enn 10 prosent av dei 63 fast tilsette med nordover.
Publisert

Det var enkelt å finne argument for at Norsk polarinstitutt ikkje måtte flytte, hevda forvaltningssjef i Polarinstituttet, Rasmus Hansson, i november 1992: «Instituttet er her, det fungerer godt, men blir ødelagt for lang tid om det flyttes, og det kan ikke nå dagens nvå i Tromsø. Dette er solid dokumentert.»

«Bygg på et isflak»

Alt då Norges Svalbard- og Ishavs-undersøkelser (NSIU) vart oppretta i 1928, kom det krav om at institusjonen skulle liggje i Tromsø. Direktøren på Geofysisk institutt i Tromsø, Ole A. Krogness, sa det var meiningslaust «at et institut for Svalbard og Ishavsundersøkelser skal henlegges til Oslo».

Tromsø var porten til ishavet og viktig utrustingshamn for norske og internasjonale ekspedisjonar. Guttorm Gjessing foreslo like etter krigen at NSIU skulle danne grunnstamma til eit nordnorsk akademi med sikte på eit framtidig nordnorsk universitet. Men då NSIU vart omdanna til Norsk polarinstitutt i 1948, låg instituttet framleis trygt plassert i observatoriet ved Solli plass i Oslo.

I 1960 vart Tore Gjelsvik ny direktør og fekk spørsmålet om kva han meinte om flyttekrava som stadig vart fremma. Gjelsvik ville ikkje kommentere saka, sa han, men kunne likevel seie «så sant man mener at Polarinstituttet i Oslo mangler arktisk miljø – og at det er derfor instituttet bør flyttes til Tromsø – så er det like godt å ta steget helt ut og bygge instituttet på et isflak».

I 1961 føreslo stortingsmann Harald Samuelshaug at Polarinstituttet måtte kunne flyttast ut av hovudstaden. Han viste til at Sjøkartverket nyleg vart flytta til Stavanger og Noregs geologiske undersøking til Trondheim. Men industriminister Kjell Holler avviste forslaget kontant, forklart med «den nære og gjensidige kontakten mellom instituttet og de sentrale myndigheter».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement