Kunnskap

Kan eg bli operert av den flinkaste?

Risikoen for å døy etter ein operasjon ligg kring 4 prosent i europeiske land samla sett, men berre på 1,5 prosent i Noreg, ifylgje ein studie frå 2012.
Risikoen for å døy etter ein operasjon ligg kring 4 prosent i europeiske land samla sett, men berre på 1,5 prosent i Noreg, ifylgje ein studie frå 2012.
Publisert Sist oppdatert

«Kor mange slike operasjonar har du gjort før, unge mann?»

Spørsmålet overrumpla meg. Eg skulle utføra min aller første operasjon for nakkeprolaps og hadde akkurat informert pasienten om forventa resultat og risiko. Og om vegen inn til virvelsøyla og prolapsen mellom blodkar og nervar via eit snitt til høgre på halsen. Heldigvis slo han seg til ro då eg svara som sant var, at eg hadde «vore med på ein god del slike inngrep tidlegare». Operasjonen vart vellukka – eg opererte med god rettleiing av ein røynd kollega.

Spørsmålet hans var godt ­– kanskje det viktigaste du kan stilla for å finna ut om kirurgen din er kompetent. Du reknar jo med at den som har operert mange gonger, kan faget sitt.

Det er vanskeleg å tenkja seg kirurgiske inngrep heilt utan skadelege verknader. Straks kirurgen snittar i hud eller slimhinne, vert det opna for skadar som infeksjon eller bløding. Risikoen kan reduserast, men neppe eliminerast heilt. Best mogeleg planlegging, førebuing av pasienten, hygiene, utstyr, opplæring, kirurgisk teknikk, overvaking etter operasjonen – alt dette høyrer med.

Dei fleste komplikasjonane etter kirurgi, til dømes urinvegsinfeksjon eller luftvegsinfeksjon, er mindre alvorlege og gjev berre forbigåande plager. Meir alvorleg er det at varig mein eller dødsfall førekjem hjå 2­–4 prosent etter eit gjennomsnittleg stort kirurgisk inngrep utført av ein gjennomsnittleg kirurg. Risikoen for å døy etter ein operasjon ligg kring 4 prosent i europeiske land samla sett, men berre på 1,5 prosent i Noreg, ifylgje ein studie frå 2012. Slik sett er norske kirurgar – og pasientar – blant dei beste i Europa.

Forsking syner at halvparten av komplikasjonane kan førebyggjast. Mange kvalitetsforbetrande tiltak er difor sette inn dei siste åra, også i norske sjukehus, men det har vist seg vanskeleg å redusera talet på pasientskadar i nemnande grad med slike initiativ. Systematisk bruk av registerdata, derimot, har gjeve tydeleg kvalitetsforbetring langsamt og steg for steg. Leddregisteret i Noreg, til dømes, har heilt sidan 1987 levert detaljerte data om pasientar som får hofteprotese, og dermed gjeve grunnlag for å forbetra operasjonsmetoden, mellom anna slik at færre pasientar treng å få skifta ut protesen. Registeret har rangert sjukehusa og vist at resultata er betre der ein utfører over 100 slike operasjonar i året, altså at øving gjer meister.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement