Reportasje

¿ Karantene og brende blomar

I Kina har virus herja med både økonomi og sinn. Frå dei fyrste rykta til panikk og isolasjon får eg frå utsida og innsida av ei karantenesone eit unikt innsyn i det virusplaga samfunnet.

Kø til matbutikken i Yuzhou. Far til kjærasten min står i grøn jakke til høgre på bildet.
Kø til matbutikken i Yuzhou. Far til kjærasten min står i grøn jakke til høgre på bildet.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Ein sein januarkveld i Beijing på undergrunnsbanens linje 2 er det ingen av passasjerane som enno heilt veit kva det er som har byrja å ta liv i Wuhan. Passasjerar som vanlegvis sit klistra til mobilskjermar, sender stadig vekk nervøse blikk rundt seg. Han som sit ved sida av meg, har mobilen framme og ser på ein video av folk i kvite, heildekkjande dressar som skundar seg inn på ein universitetscampus i Beijing. Einkvan lenger bak i vogna hostar. Alle i vogna skvett til.

Det eg veit om viruset denne dagen, er i stor grad basert på rykte og konspirasjonar. Offentleg statistikk og informasjon er det framleis lite av, då ingen heilt er klar over omfanget. I venekrinsar er det snakk om alt frå amerikansk biologisk krigføring til ei ulykke i eit forskingssenter. Det eg veit, er at viruset er døyeleg og spreier seg raskt i kaldt klima.

– Eg flyktar til Vietnam, seier ein ven av meg.

Han har studert nokre smittetal og laga eit tvilsamt reknestykke som spår at folk kjem til å døy som fluger dei neste dagane. Han ber meg om bli med til Vietnam. Eg seier at kjærasten min ikkje er viljug til å reise. Eg klarer heller ikkje tru at det kjem til å bli så alvorleg. Eg høyrer likevel meg sjølv tenkje: Kva om venen min har rett? Er eg viljug til å forlate dei eg er glad i her, samstundes som eg veit at det er ein sjanse for at eg aldri får sjå dei att?

Venen min flyr til Vietnam dagen etter. Eg blir igjen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement