Sport
Kasseraren og mugga
Eg veit ikkje om det er akkurat slik dagens kasserar ser ut, men han noterer i alle fall gladeleg kva som går inn og ut.
Foto: Frank May / NTB
Litt meir stas enn å bli vald inn til FAU er det å ende som kasserar i idrettslaget.
Når valet skal skje, flakkar blikka. Enkelte spøkjer høgt om eigen mattedysleksi, og sannsynet er stort for at blikka stoppar på ho eller han som alt jobbar profesjonelt innanfor økonomi. Har dei tid til å føre vaffelkvitteringar? Kva viss dei får ein vara? Den utvalde rettar ryggen. Han er stolt, men vil samstundes ikkje vise det for godt, for det er jo ei bør, dette her. «Eg tek det», seier han likevel med tyngde.
Kasseraren har ansvaret for kassa, som i ein anonym vestlandsklubb på 1960-talet, berre var ei mugge. Mugga med mynt og lappar stod trygt heime på kjøkkenet til kasseraren. Om det var ynske om nye drakter eller pengar til innsatspokalen, måtte kasseraren heim og sjå i mugga. Visstnok brydde han seg ikkje stort om å føre kva som gjekk inn og ut. Det viktigaste var at mugga ikkje blei tom.
I nært samarbeid med materialforvaltaren, som passa på at draktene sat, og at tuten på XL-1-flaskene ikkje smuldra, måtte kasseraren uansett vere klar til å gi rapport på årsmøtet.
Kasseraren finst enno i idrettslaga, både i omgrep og som person, men no har han vanlegvis ein rekneskapsførar å samarbeide med. Det er meir pengar å halde styr på, og han har eit større ansvar enn før. I motsetning til i dei store velorganiserte bedriftene med kontrollar i alle endar, er det ikkje like lett å ha oversikt i eit idrettslag der det meste blir gjort på dugnad. Det finst nok av døme på dei som har fått for mange lappar å halde styr på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.