Reportasje

Keisarinne i kne

Kva lærdomar kan ein hausta av pukkellakssommaren 2023? Det kjem an på korleis ein formulerer kriteria for suksess. Særleg problematisk var kampen mot pukkellaksen i Tana.

Fella i Tanaelva stod ved Seidaholmen like nedanfor Tana bru, der elva deler seg i to. Her er sjølve fangstinnretninga i det austre elveløpet. Kring 150.000 pukkellaks kom seg truleg forbi og vidare opp elva.
Fella i Tanaelva stod ved Seidaholmen like nedanfor Tana bru, der elva deler seg i to. Her er sjølve fangstinnretninga i det austre elveløpet. Kring 150.000 pukkellaks kom seg truleg forbi og vidare opp elva.
Publisert Sist oppdatert

Tana er ei verd for seg. Vassdraget gjer dei fleste norske lakseelvar til bekker. Både Namsen og Gaula blir gjerne kalla dronninga blant elvane våre. Tana lyt i så fall vera keisarinna, for ho er Europas viktigaste vassdrag for atlanterhavslaksen. Den lakseførande strekninga er minst 1100 kilometer, og sideelvane har kring 30 eigne bestandar. Det er faktisk større genetiske ulikskapar mellom laksebestandane innanfor Tana-vassdraget enn mellom bestandane i Troms og Trøndelag og nedover på Vestlandet.

I toppåra på 1970-talet var den samla fangsten i elva og i Tanafjorden på over 500 tonn. Om me reknar med ei gjennomsnittsvekt på litt over fire kilo, blir det meir enn 100.000 laks. Lenge var halvparten av all elvefanga norsk laks Tana-laks. Den norske sportsfiskerekorden er også herifrå: ein hannlaks på 32,5 kilo, teken på sluk ved Storfossen 7. juli 1951.

Ete av såkornet

Men dette er historie. I dag har keisarinna sige i kne. Fiskepresset var for hardt for lenge, både på norsk og på finsk side. Særleg gjekk det ut over bestandane øvst i vassdraget, der fisken måtte symja forbi milevis med stongfiskarar og tradisjonelle fangstreiskapar som drivgarn og stengsel. Ein reknar med at mellom 70 og 80 prosent av all oppvandrande Tana-laks blei fanga, i år etter år. I dei fjernaste sideelvane kunne det vera opp mot 90 prosent. Når fiskarane ikkje lenger hausta av overskotet, men av minimumsbestanden som trengst for effektiv gyting, hamna Tana i ein negativ spiral. Ein byrja å eta av såkornet.

På norsk side av vassdraget blei det i år 2000 avliva over 33.000 laks. 20 år seinare var fangsten redusert med 90 prosent, til knappe 3300 laks. I 2021 blei elva stengd for fiske, noko ho framleis er. Og som om ikkje dette skulle vera nok: Tana-laksen må no også hanskast med pukkellaksen.

Tilhøva i Tana skal drøftast nærare etter ei oppsummering av pukkellaksåret 2023. Sjølv om dei dystraste spådommane om éin million pukkellaks ikkje slo til, hadde me ein markant auke av denne invaderande arten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement