Reportasje

Kinakomle i Kopervik

KOPERVIK: Den haugalandske livretten er eldre enn poteten her i landet, og lokale variantar peikar mot både fortid og framtid.

Zhi Heng Li serverer komle med heilmjølk på den kinesiske restauranten i Kopervik på Karmøy. På kjøkenet står systera hans, som har kome frå Shanghai-provinsen for å hjelpa bror sin.
Zhi Heng Li serverer komle med heilmjølk på den kinesiske restauranten i Kopervik på Karmøy. På kjøkenet står systera hans, som har kome frå Shanghai-provinsen for å hjelpa bror sin.
Publisert

Zhi Heng Li driv ein kinesisk restaurant i gågata i Kopervik i Karmsund, i ein sjarmerande hjørnegard som etter framifrå restaurering fekk byggjeskikkpris.

Eg likar kinesisk kjøken, elskar dumpling (som i Canada vert kalla «kinesisk ravioli», og som på Ordnett vert definert som «omtrent dss. kumle, raspeball»), har vore på innmatrestaurant i ein hutong i Beijing, og ete fiskebollar med dott ­­– fyll av svinekjøt og flesk og sjalottlauk ­– kjend frå regionen som Li kjem frå nær Shanghai.

Kva skal eg eta hjå Li? Den haugalandske livretten. Komle på kinarestaurant? Ja, skilta i vindauga varslar om både chop suey og torsdagskomle. Hit har haugalendingar rådd meg til å gå for å få god lokalmat, og her køyrer dei sjølve innom på veg frå jobb for å ta med seg komle heim.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement