Kunnskap

Klauvròte

Godt klauvstell er viktig for sunne føter og god dyrevelferd.
Godt klauvstell er viktig for sunne føter og god dyrevelferd.
Publisert

Våren kjem som vanleg brått på her nord. Snart skal dyra som har stått heile vinteren inne i fjøset, endeleg få sleppa ut på beite. Difor er det no også tid for klauvstell. Sunne og velstelte klauver er viktig for at dyra skal kunne vandre sutlaust rundt på sommarferie, anten dei skal nyte det friske livet på fjellet eller rusle roleg rundt på mjuke, grøne beitemarker.

Storfe, sau og geit er alle klauvdyr. Felles for klauvdyra er at dei har fire tær på kvar fot, men går berre på to av dei (nr. 3 og 4), medan dei to andre tærne (nr. 2 og 5) er reduserte til mindre klauver (biklauver) som sit litt lenger oppe på foten. Sjølve klauvene er hornkapslar av same type som neglene våre eller klørne til rovdyra, dei er både fleksible og slitesterke og har ei utforming som er spesialtilpassa det livet dyra var tenkt å leve i naturen.

Klauvhornet veks frå kronranda (overgangen mellom hud og klauv) og nedover, med ein fart på om lag ein halv centimeter i månaden. I naturen går dyra ute heile dagen, og dette slitest ned av seg sjølv. For husdyra våre er regelbunden klauvskjering viktig for dyrevelferda; rett lengd og form på klauva er viktig for å kunne gå, leggje og reise seg naturleg. Difor bør gardbrukaren stelle klauvene minst to–tre gonger i året og undersøkje alle dyr seinast ein månad før beiteslepp. I tillegg må klauvene alltid sjekkast på dyr som haltar.

Før skar vi klauvene på kyrne med hovkniv, på same viset som på hest, men det mest brukte utstyret i dag er ein vinkelslipar med spesialskive for klauvskjering. Med sau og geit er det litt enklare, det viktigaste utstyret er som regel ei god klauvsaks, men reiskapane kan dra med seg bakteriesmitte og må anten høyre til i besetninga eller bli grundig reingjorde og desinfiserte før det blir flytta mellom fjøsa.

Fotròte

Hos sau og geit over store delar av verda er smittsam klauvbetennelse, eller fotròte, eit vanleg problem. Skurken i denne historia er aggressive variantar av bakterien Dichelobacter nodosus. Dichelobacter finst i fleire ulike variantar, mange er heilt ufarlege og truleg ein del av det naturlege mikrobelivet på huda. Men der det kjem aggressive bakteriar inn i besetninga, vil dyra bli sjuke og få vondt i føtene etter berre eit par veker.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement