Essay
Klede
På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede.
Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.
Skjermdump
For 100 år sidan, i januar 1925, skreiv Virginia Woolf om det ho kalla frock consciousness, eller «kjolemedvit». Ho ser på kvinnene rundt seg og på seg sjølv og ser i deira forhold til klede noko uendeleg meiningsfullt, men mystisk. Ho elskar klede, men ho hater mote, ho dyrkar venleik, men ho liker ikkje å bli sett, og slik sirklar ho seg rundt det ho kallar «det evige og uoppløyselige spørsmålet om klede».
I dagboka skriv ho: «Kjærleiken min til klede interesserer meg så djupt, berre at det er ikkje kjærleik; eg må oppdage kva det er.»
Klede er morsmålet mitt, tenkte eg då eg nyleg låg influensasjuk på sofaen heime i Bergen, kledd i styggfine filler frå skapet på gamlerommet. Det beste eg veit å gjere i lag med mor mi, er å prøve klede. Og det er frå morsslekta kjærleiken til klede kjem. Ingen stader nyt eg andre sine antrekk slik eg gjer det blant søskenbarna og onklane og tanta mi; eg forstår kva dei gjer med kleda sine, eg snakkar klesspråket deira flytande, som om det var ein kollektiv tungetale.
Favorittbuksa har eg brukt i tjue år, frå då eg arva ho av mor mi, som i sin tur hadde gått med ho i tjue år, sidan ho kjøpte ho brukt. Eg har reparert ho mange gonger, men no nyttar det ikkje lenger; kroppsdelar sklir gjennom det tynnslitne stoffet som spøkelse gjennom vegger.
Klede akkumulerer autoritet med tida og hendingane dei har deltatt i, men det dreier seg ikkje om nostalgi. Kjærleiken til klede lengtar ikkje bakover på ein statisk eller reaksjonær måte; drivkrafta i han er ein vilje til å la seg forandre av nye vilkår, i møte med noko nytt, med fortida som rørlege byggeklossar. Der litteraturvitarar snakkar om intertekstualitet når dei peiker på indirekte koplingar mellom romanar, ser eg på slektningane mine rundt middagsbordet og nærles dei etter det eg tenker på som intertekstilitet.
På sofaen i Bergen dukka det opp ei YouTube-tilråding: den britiske forfattaren Zadie Smith intervjua av designaren Bella Freud i programmet Fashion Neurosis. Motenevrose. Det var ein intervjuserie om klede, og han høvde perfekt til småpjusk å la seg rive med av regresjonen som nødvendigvis følger med det å kome heim.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.