Sport
Klimakset i gymtimen
Kanonball er elska og hata, men mest det fyrste.
Dersom kanonball er din idrett, kan du reise til USA og satse på dodgeball. Biletet er frå World Championships i Los Angeles 2018.
Foto: Jwoodlee3 / Wikimedia Commons
Sport før og no
Aktiviteten er relativt inkluderande. Reglane er enkle, og ingen må ut før spelet er ferdig. Det er også få som har drive med kanonball på fritida, dette gjer at nivået i gymtimen ikkje spriker like mykje som når ein har undervisning i fotball.
Ein, to, ein, to, tel gymlæraren for å dele inn rettferdige lag. Uansett alder, eit par gutar grip alltid sjansen til å endre stad i rekka, slik at dei mystisk nok hamnar på same lag atter ein gong.
Som elles i livet tek ein ulike roller også i kanonball. Lettast å sjå føre seg er den ballsikre guten, han som er ekspert på mottak og dermed kjem kjapt i posisjon til å fyre laus på nokre svake motstandarar. Han siktar seg inn på smygarane, dei som gjer lite ut av seg i klasserommet, men som til gjengjeld har ein fordel i kanonball. Smygarane tek elegante hopp over ballen og står igjen til slutt. Då hatar dei nok kanonball litt, men medaljen er rørande trampeklapp frå resten av gjengen.
I tillegg er det dei sløve som av eigen vilje blir treft med ein gong, slik at dei kan «chille» bak hos kongen. Viss ballen skulle hamne i deira krins, gir dei han kjapt vidare til næraste medspelar.
Gangen i kanonspelet er nokolunde den same no som før. Det er måten ein blir vurdert på, som har endra seg. Før var det den ballsikre, som moka ned rubbel og bit, som fekk best karakter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.