Kunnskap
Klinikk og kapital
I Noreg bruker vi nesten ti milliardar kroner på familiedyra våre kvart år, ifølge ei utrekning frå analyseselskapet Euromonitor Internasjonal.
Framveksten av dyreklinikkar har gitt eit profesjonelt tilbod om helsetenester til familiedyr over heile landet og er i dag ein av dei viktigaste arbeidsplassane for veterinærar i Noreg.
Hund (Canis lupus familiaris) og katt (Felis catus) er mest vanleg, men spekteret er stort, alt frå kanin og smågnagarar til fuglar, ilder, reptil, akvariefisk og minigris.
Talet på dyr er tredobla sidan 2006, og under pandemien såg vi også at mange familiar skaffa seg dyr. Det blir meir vanleg å forsikre familiedyra – til no er 60 prosent av hundane og 8 prosent av kattene forsikra. Fleire dyr og betre forsikringar fører til fleire og meir kostbare behandlingar.
Utviklinga av dyreklinikkane skaut fart på slutten av 1980-talet. Før var det stort sett veterinærar i stordyrpraksis som behandla hundar og katter, men no tek dei fleste med seg dyra sine til ein profesjonell dyreklinikk. I rapporten «Hvor ble det av dyrlegene», som nyleg blei publisert av Den norske veterinærforening (DNV), kjem konsulentfirmaet Agri med ein analyse av utviklinga i veterinærbransjen dei siste 20 åra. Her viser dei til jamn vekst i omsetninga til dyreklinikkane, og til at den norske marknaden har blitt stadig meir dominert av to store utanlandske kjeder, Anicura og Evidensia, pluss den noko mindre norske kjeda Empet AS.
Kjedene sitt inntog har ført til meir spesialiserte smådyrklinikkar, og til saman har dei tre kjedene om lag 100 klinikkar med 580 tilsette veterinærar i Noreg. Dei store kjedene kjem truleg til å ta stadig meir av marknaden i åra som kjem, skal vi tru ein studie frå Noregs handelshøgskule (2016). Spesialiserte lågprisklinikkar er prøvde, ofte kombinert med dyrebutikkar på større handlesenter, men til no har dei ikkje tatt nokon stor del av marknaden.
Dei siste åra har klinikkar blitt kjøpte opp av kjeder, og kjedene har så kjøpt opp kvarandre i så raskt tempo at det er vanskeleg å gje ei god oversikt over kven som eig kva. Anicura starta i Sverige, men er no eid av amerikanske Mars Petcare som på verdsbasis har ei omsetjing som er meir enn ti gonger større enn det norske oljefondet.
I Namsos finn vi Namsen Dyrehospital, ein typisk arbeidsstad for fem smådyrpraktiserande veterinærar, fire dyrepleiarar, to resepsjonistar og to reinhaldarar. Til liks med utviklinga i veterinærprofesjonen elles dei siste tiåra er tolv av dei tretten tilsette kvinner. Hospitalet er utstyrt med ultralyd, endoskopi, utstyr for blodanalysar, vanleg røntgen og CT-røntgen, og dei kan utføre eit breitt spekter av undersøkingar og behandlingar. Skilnaden mellom ein dyreklinikk og eit lite lokalsjukehus er påfallande liten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.