Kunnskap
Kløe
Hundar med tjukk pels, som dei av den populære rasen golden retriever, har større risiko for smertefull våteksem.
Foto via Wikimedia
Mange av hundane som kjem til dyrlegen, er plaga av kløe og hudsjukdommar, og dette er eit alvorleg velferdsproblem. Kløe og eksem kan gjere eit elles godt hundeliv til ei vedvarande plage, ofte med lite og dårleg søvn.
Ved parasittinfeksjonar og ved akutte infeksjonar i huda er det naudsynt med rask medisinsk behandling, og enkelte typar eksem krev livslang behandling, i dei mest alvorlege tilfella kan det heile ende med avliving.
Parasittar
For dyr med kløe, flass og håravfall er hovudregelen å starte med ein grundig hudparasittsjekk. Skabbmidd (Sarcoptes scabei) som grev seg rundt i gangar i overhuda, er kanskje det som klør aller mest, gjerne om natta når midden er mest aktiv. Hundar kan bli smitta av kvarandre, men også av ville revar som i periodar kan ha store problem med skabb. Hårsekkmidden (Demodex canis) er òg ein vanleg parasitt hos norske hundar, men då klør det ikkje særleg; symptoma er først og fremst infeksjonar og hårtap.
Parasittar i pelsen, som lus, lopper og midd, kan også vere plagsame. Lusene er så store at du kan sjå dei, ofte finn du dei i pelsen i nakken og rundt øyra. Middane er små og vanskelege å finne, men kan gje både kløe og mykje flass. Medan lus trivst best på verten og er lite lystne på å flytte til andre vertar, kan midd og lopper leve lenge i miljøet utanfor. Midd kan også smitte over på andre dyr i huset, som katt og kanin. Og sjølv om parasittane ikkje kan leve på menneske, kan folk som kjem i nærkontakt med skabb, midd og lopper, bli plaga med både kløe og utslett.
Atopisk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.