Kunnskap

Koevolusjon

Kattene har i snart 10.000 år freista å skaffe seg verdsherredøme ved å smitte oss med den eincella parasitten Toxoplasma gondii.
Kattene har i snart 10.000 år freista å skaffe seg verdsherredøme ved å smitte oss med den eincella parasitten Toxoplasma gondii.
Publisert

Dei dyra vi menneske kanskje har minst sympati med, er nok parasittane. Sjølv om vi ikkje liker å tenkje på det, har mange parasittsamfunn utvikla seg i nært samarbeid med vertsorganismane sine (inkludert oss). Til dømes er alle virveldyr vi veit om, infiserte med sine eigne parasittormar.

Når eit slikt samkvem over tid styrer utviklinga av fysiologi og levesett hos begge partane, kallar vi det koevolusjon. For parasittar og vertane deira har dette ført til mange artige og komplekse naturfenomen.

Toksoplasmose

Vi kan byrje med katteparasitten Toxoplasma gondii og sjukdommen toksoplasmose. Denne eincella tarmparasitten spreier seg med katteskit til sandkassar, blomsterbed og grønsakhagar. Dei små eggcystane er klisne og langliva, og ein katt kan lett skilje ut 500 millionar slike egg på ei vekes tid.

I Noreg er det vist at ein stor prosentdel av husdyra har vore i kontakt med parasitten, og slik er det stort sett over heile verda. På verdsbasis blir også minst ein tredel av alle menneske smitta av toksoplasmose.

At folk får i seg eggcystar frå miljøet eller et dårleg varmebehandla kjøt, særleg frå lam eller hest, er nok dei viktigaste smittekjeldene. Friske menneske blir som regel lite påverka av toksoplasmose, men får du i deg ein av dei meir aggressive variantane, som blant anna er vanlege i Nord- og Sør-Amerika, kan du få alvorleg infeksjon i auge og hjerne og kanskje døy i same slengen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement